SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Sogn og Fjordane:

Ubåtjakt i Sognefjorden

16 marinefarty, leia frå fregatten KNM Trondheim var med i leitinga etter ubåten i Sognefjorden. Arkivfoto NRK
16 marinefarty, leia frå fregatten KNM Trondheim var med i leitinga etter ubåten i Sognefjorden. Arkivfoto NRK
Den mest ”krigerske” hendinga i Sogn og Fjordane etter 2. verdskrig var då det i 1972 vart sett i gang ei stor jakt etter det som ein meinte var ein fiendtleg ubåt i Sognefjorden.

Publisert 25.01.2006 20:59. Oppdatert 15.06.2006 12:51.

Dette hende i åra med ”den kalde krigen”, då aust- og vestmaktene vakta på kvarande med stor mistru:
I 1972 melde to menn på Vangsnes at dei hadde sett det som kunne vere eit ubåtperiskop ute på Sognefjorden. Dette utløyste ein militæraksjon utan like: Fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og to militære helikopter vart sende til Sogn for å spore opp ”ubåten” og tvinge den til overflata. Det vart avfyrt rakettar og sleppt søkkjeminer både her og der utan at nokon fiende viste seg. Munningen av Sognefjorden vart nærmast stengt av marineskipa som skulle hindre ubåten i å sleppe ut. Eit mystisk marinefarty vart først tolka som eit russisk skip som var på veg for å fri ut ubåtmannskapet sitt frå klemma – før ein oppdaga at det var eit fransk militært skulefarty på fredeleg oppdrag i Sogn!

Arkivfoto NRK

Verdspressa strøymde til

Marinen dreiv jakt på den ukjende ”ubåten” i 16 dagar, og verdspressa strøymde til Sogn for å dekkje hendinga.

- Ubåten var sovjetisk

Først i 2005 valde forsvarministeren frå den gongen, Johan Kleppe (Sp), å fortelje sanninga kring ubåtjakta i Sognefjorden: Frå sin faste observasjonspost ved Øresund hadde NATO registrert ei gruppe austeuropeiske ubåtar på veg ut i Nordsjøen. Etter at dei hadde passert Øresund, miste vestlege militære kontakten med ein av desse ubåtane.
Nokre dagar seinare kom rapportane om ubåtobservasjonar ved Vangsnes i Sognefjorden. Forklaringa på korleis periskop m.m. såg ut etterlet ingen tvil mellom militære ekspertar om at det var ein sovjetisk ubåt som ulovleg hadde teke seg inn i norsk territorialfarvatn. Kleppe valde å gå ut med desse opplysningane etter at høgtståande militære som hadde teke del i leitinga, endå ein gong hadde hevda at dei ikkje hadde kontakt med nokon framand ubåt i Sognefjorden.
Også seinare har det vore gjort observasjonar av ukjende ubåtar i Sognefjorden. Det har vorte gjort enkle søk utan at ein har funne noko.

Sogndalsfjorden var sentral i leitinga. Foto NRK


Sjå og Ubåten i Sognefjorden.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no