SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Selje:

Ervik kapell

Bygd 1970. Bygd 1970. Minnekapell etter forliset til hurtigruteskipet D/S ”Sanct Svithun” i september 1943.

Publisert 27.01.2006 12:04. Oppdatert 04.09.2006 14:16.

Ervik kapell. Foto: NRK

Arkitektar: Arnstein Arneberg og Olav Platou. Altertavle frå 1979 av Kalla Skrøvseth. Ei av to kyrkjeklokker er skipsklokka frå "Sanct Svithun", og ankeret er plassert utanfor kyrkja. I kyrkjegangen er det foto og andre minne etter forliset.
Under krigen freista Quisling-regjeringa å utnytte den allierte bombinga av "Sanct Svithun" i propagandakrigen: Dei ville byggje eit minnekapell i Ervik, men planen møtte sterk motstand og vart sabotert av lojale nordmenn så godt det let seg gjere. Samuel Alshager, som var kaptein på "Sanct Svithun", meinte imidlertid at minnekapellet måtte sjåast uavhengig av krigssituasjonen og støtta at det vart reist som eit minne om dei omkomne.
I klokketårnet ved minnekapellet har ein plassert krossen som stod på ei massegrav for 21 russiske krigsfangar som miste livet i ein straffeleir i Ervik i krigsåra. I alt 35 russarar skal ha mist livet etter torutr og mishandling i denne leiren.

Ervik kapell er bygd like ved den gamle gravstaden i Ervik som vart vigd kring 1550.

Kyrkjeklokka sprakk av glede!

Etter segna skal klokka i dette klokketårnet ved minnekyrkja i Ervik vere den omsmelta klokka frå Leikanger kyrkje. Det seiest at denne klokka sprakk og vart ubrukeleg då kyrkjetenaren i rein glede over at ein av svenskekongane var død, tok for hardt i då han skulle ringe varselet om kongedøden til bygda!

Ervikpreika

I gamle dagar var det svært tungvint for Selje-presten å reise til ytste bygdene på Stadlandet.
Dette var opphavet til Ervikpreika, der presten heldt jordfesting – gravferdsrituale - for alle som hadde døydd sidan sist han vitja ytre Stadlandet. Tradisjonen med ei årleg Ervik-preike vert framleis halden ved lag, men no berre som vanleg gudsteneste utan at nokon vert jordfesta.


MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no