SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Jølster:

Pelsdyrnæringa stor i Jølster

Sjølv om det er Gloppen, Lærdal og Naustdal som har vore dei store pelsdyrkommunane i Sogn og Fjordane, så vaks pelsdyrnæring til ei svært viktig tilleggsnæring for bønder i Jølster frå mellomkrigstida og utover.

Publisert 01.02.2006 08:55. Oppdatert 01.03.2006 14:33.


Arkivfoto NRK
I 1910 var Pelsdyrpionér Ole M. Totland frå Bryggja ein av dei første i Noreg som starta sølvrevoppdrett med importert villrev frå Canada. Men reveoppdrett var både risikabelt og kapitalkrevjande dei første ti-åra, og i Jølster som elles i fylket skipa difor bøndene aksjelag som eigde og dreiv sølvrevgardane. Hans Astrup starta den første sølvrevgarden på Ålhus i 1925. Året etter kom Bendik J. Nedrebø i gang med Bø Revegard på Ålhus. I 1927 starta Ola Nedrebø, Johannes I. Døsen og Anders Erikstad ein revegard. Helgheim Revegard vart skipa i 1929.

Revegard. Arkivfoto NRK.

Blømingstid med blåreven

Reveavlen opplevde ei blømingstid frå 2. verdskrig og utover, særleg etter at blåreven kom inn i avlen for alvor. I 1949 var det såleis 46 revegardar med 730 revar i Jølster. I 1979 hadde talet på rev Jølster auka til 7625, når ein reknar både med vaksne dyr og kvelpar.

Forkjøkken på Sandane

Pelsdyroppdrettarar frå Jølster vart aksjonærar då Gloppen Pelsdyrforlag AS vart skipa og bygde stort pelsdyrforkjøkken på Sandane i 1961.


Grossist i førstepremiar

Den mest kjende pelsdyroppdrettaren i Jølster er Ola Dagfinn Årdal (sjå under Kjende personar i Jølster fødde år 1930-1950) som i mange år var grossist i førstespremiar for rev som han stilte på riks- og distriktsutstillingar. Ola Dagfinn Årdal har hatt opptil 1000 dyr i revegardane på garden sin i Årdal, og kan telje ei trofésamling på 30 førstepremiar frå riksutstillinga og over 100 frå distriktsutstillingar. Sonen Finn Årdal tok over drifta av revegardane i 1998.
Ola Dagfinn Årdal. Foto: Svein Ove Hansli, NRK.

Ein annan stor pelsdyroppdrettar i Jølster har vore Nikolai O. Årdal, som har drive stort både med mink og rev.

MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no