For ein del av kapitalen kjøpte Rasmus i 1899 ein gard med tilhøyrande sjøhus på Midtgård i Måløy. Seinare fekk han med broren Johan som kompanjong i Måløy. I 1903 skipa Johan Vetvik Ulvesunds Fiskeriselskap saman med
Hans Søreide, Hans Kvalheim og nokre karar frå Skavøypoll. Dei kjøpte fiskedampskipet ”Kveldulv” som dei m.a. dreiv linefiske etter kveite med på Aktivneset, Tampen og Storegga.
Slo seg stort opp
I 1905 bygde brørne Vetvik ei stor sjøbu og slo seg stort opp som fiskeeksportørar og fiskebåtreiarar i åra kring 1. verdskrig. I 1907 kjøpte dei inn motorkuttaren ”Skreia” som vart den andre oljedrivne fiskebåten i Måløy-flåten. Dei eigde på det meste sju fiskebåtar som delvis også vart brukte som brønnbåtar til frakt av levande fisk.
Pionérar på snurrevad
I 1907 starta Vetvik-brørne eit pionérfiske med snurrevad etter flyndre på Vestlandet og i Nord-Noreg. Flyndra vart frakta levande med brønnbåt til Bergen og delvis til Oslo.
Konkurs på 20-talet
Vetvik-brørne vart hardt råka av krisa som sette inn etter 1. verdskrig, og gjekk konkurs tidleg på 1920-talet. Sjøbuda i Måløy vart teken over av Rasmus Domstein, og det var her han la grunnlaget for det som seinare under leiing av sonen Knut og sønesønene Rolf, Gunnar og Knut Magne vart til
Domstein-konsernet. Gardsbruket på Midtgård og eit par båtar greidde Vetvik-brørne å berge unna konkursen.
Mislukka pigghåfrakt
Tidleg på 1930-talet eigde Rasmus Vetvik fiskebåten ”Fossan” som vart nytta til pigghåfiske. Vetvik gjorde også forsøk med å frakte levande pigghå med brønnbåt til ein mærde i Skavøypoll. Tanken var at pigghåen skulle stå i lås inntil marknaden etterspurde pigghå til best mogeleg pris, men forsøket vart ikkje vellukka.