|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Eid: Stor tysk eksersisplass på NordfjordeidUnder 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen på Nordfjordeid. Publisert 05.02.2006 21:00. Oppdatert 22.08.2006 12:06.
Nordfjordeid var også kommandoplass under Måløyraidet 3. juledag 1941. Men kloke av skade, flytta tyskarane denne raskt til Måløy etter raidet!
Kampfscule NordfjordeidFrå 1943 vart eksersisplassen også utdanningssenter for divisjonen i Førde. Skulen heitte Kampfschule Nordfjordeid. I tilleg til vanleg rekruttskule vart det skipa til panservernkurs, skikurs og utdanning av underoffiserer.
Skaut skogen i brannPå Nes ved Hornindalsvatnet dreiv tyskarane skyteøvingar med kanoner. I mai 1941 fall ein granat ned på garden Lindvik på nordsida av vatnet og sette fyr på 15 dekar granskog.
I tillegg til infanteriavdelingane på Nordfjordeid, hadde tyskarane ein del soldatar forlagde på Stårheim, der dei rekvirerte ungdomshus, bedehus og skulekjellaren til forlegning.
På slutten av krigen vart det bygd ein flymeldepost for Luftwaffe i Kjølsdalen.
Tyskarane fekk fullført siste arbeidet på riksvegen Måløy-Nordfjordeid i 1943.
773landminerPå nordsida av Nordfjordeid, langs vegen mot Måløy, bygde tyskarane sperrestilling og la ut 773 landminer. Tilsvarande vart gjort ved Hundeide på sørsida av Eidsfjorden, der det vart lagt ut 298 landminer.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|