Som ein lekk i invasjonsforsvaret ”Festung Norwegen” bygde tyskarane under 2. verdskrig store festningsverk med langtrekkande kanonar på Ospeneset i 1942 og Gotraneset ved Berle i 1943 for dekning av Frøysjøen.
Bygdefolket vart tvangsflytta
Fortet på Ospeneset hadde tre 10,5 cm kanonar. På Gottraneset var det fire 10,5 cm kanonar. Dette fortet vart dessutan sikra med 2778 landminer og med eit stort fjellanlegg. Både kring Gottraneset på Skarstein og Ospeneset vart bygdefolket tvangsflytta bort frå gardsbruka
sine.
I kamp under Måløy-raidet
Fortet som tyskarane bygde på Tangane på Rugsundøy for dekning av innlaupet til Nordfjord var stridsklart i mai 1941, og kom i kamp med den britiske kryssaren ”Kenya” under Måløyraidet 3. juledag 1941. Fortet på Tangane fekk til saman fem kanonar som var tekne som krigsbyte frå russarane. Tre av dei var 13 cm kanonar. Kring fortet låg det 664 landminer.
|
13 cm kanon på Rugsundøy. Foto: Kystartilleriet, frå boka "Fronten er kysten". |
På fjellet Lisetflona ved Kalvåg bygde tyskarane ein vaktpost mot havet, og hadde radiosendar på Veten for å kunne sende meldingar til Luftwaffe.
Kring det strategisk viktige smelteverket og kraftstasjonen i Svelgen la tyskarane 30 miner og sette opp to 75 mm kanonar på Sande.