SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Bremanger:

Konvoibombing i Frøysjøen

På det opne havstykket over Frøysjøen mellom Bremanger og Florelandet var tyske konvoiar på veg langs kysten ekstra utsette for allierte åtak frå MTB-ar og bombefly.

Publisert 06.02.2006 10:20. Oppdatert 28.02.2006 13:28.


Her sende allierte fly og krigsskip fleire tusen tonn tysk tonnasje til botnar gjennom dei fem krigsåra. Dei allierte fekk særleg i dei siste krigsåra god hjelp til å peile fiendeskipa frå norske radiotelegrafistar som hadde rigga seg til med observasjonspost ved Breivika. Her vart Atle Svardal og Fredrik Persen oppdaga den 13. mars 1945, og Svardal vart drepen av tyske kuler. – Sjå eigen artikkel om Radiostasjonen Roska.

Flyåtak i Frøysjøen

Eitt av dei største flyåtaka på tyske skip i Frøysjøen bar til den 5. desember 1944, då to tyske lasteskip vart sette i brann. Eit anna lasteskip og ein slepebåt vart også skadde, og tyskarane kunne telje seks døde og 14 såra. To britiske flygarar miste livet då eit fly vart skote ned.

Den 2. juledag same året måtte tankbåten ”Biwi” setjast på land etter torpedering ved Olaskjær.

Den 8. mars 1945 fekk den danske ferja ”Heimdal” ein fulltreffar i Frøysjøen og brann opp då britiske og australske fly gjekk til åtak. Under same flyåtaket vart to tyske handelsskip sette på land, men greidde seinare å gå vidare for eigne maskinar. Den allierte flystyrken miste tre fly under åtaket, og to britar og to australiarar miste livet.

Ubåt senka ein dag før freden

Éin dag før freden, den 7. mai 1945, vart ein tysk ubåt lettare skadd etter alliert bombing og vest for Bremanger. Mannskapet freista å føre ubåten til Bergen, men måtte gje tapt og søkkje skipet, då det viste seg at vitale navigasjonsinstrument var sette ut av spel. Dette var den siste tyske ubåten som vart senka under 2. verdskrig.

Norske skip vart bomba

Men også norske ruteskip vart ved mistak bomba og torpederte under dei allierte bomberaida i Frøysjøen: Den 21. januar 1943 vart det fyrt av torpedoar mot hurtigruteskipet ”Kong Harald” utan at nokon råka målet. Verst gjekk det likevel ut over Fylkesbaaten ”Framnæs” då den vart bomba ved Kjelkenes den 8. november 1944. - Sjå Bombinga av "Framnæs".

MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no