SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Selje:

Drageseth-familien grunnla dagens Selje

Det moderne Selje sentrum med industri og hotell er i stor mon grunnlagt av to brør, Wald Drageseth og Asbjørn Drageseth (sjå denne under Kjende personar i Selje).

Publisert 07.02.2006 19:44. Oppdatert 18.09.2006 11:45.


Wald Drageseth
Særleg Wald Drageseth vart kjend som ein av dei mest visjonære og tiltaksføre industribyggjarane som fylket har fostra. Drageseth-ane skapte på det meste kring 300 arbeidsplassar på Selje skjortefabrikk, plastbåtfabrikken Selje Bruk og Selje Hotell, som alle vart bygd av brørne Dragseth.

Morfaren var industripioner i Innvik

Det var foreldra til dei to, Øyvind Drageseth (1892-1959) og Magna f. Skaaden (1891-1944) som i 1916 flytta frå Innvik i indre Nordfjord til Selje. Der starta dei i 1918 landhandel, kafe og bakeri.
Magna var dotter til ein av dei største industribyggjarane i fylket kring 1900, Wald P. Skaaden , som i 1890 starta Indviken Uldvarefabrik, og som hadde kring 60 tilsette på det meste.
Drageseth-brørne var såleis av god gründerslekt då dei tok fatt som industribyggjarar i Selje.

Frå landhandel til skjorteproduksjon

Kring 1930 hadde breimingen Gabriel Reed (sjå eigen artikkel under Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje) starta skjortefabrikk på Stadlandet saman med Josef G. Toresen.
Då Øyvind Drageseth av økonomiske grunnar måtte leggje ned butikken og bakeriet i 1936, leigde han ut lokala til Toresen, som starta ein filial for skjortesaum i Selje.
Men Toresen gav seg etter kort tid, og Øyvind Drageseth tok over fabrikken med dei 10 syserskene som arbeidde der.
I tillegg til skjorter, sydde han også tekstilar til sjukehus, og hadde leigesaum av trikot til Ørsta Trikotasjefabrikk.
Arbeidsstokken var oppe i 25 personar då krigen braut ut i 1940, men produksjonen låg nede under krigen.

Selje Skjortefabrik

Etter ein periode som driftsleiar ved Rekord Skjortefabrikk på Gjøvik, kom den 25 år gamle sonen Wald Dragseth tilbake til Selje hausten 1946 og grunnla Selje Skjortefabrikk. Fabrikken heldt til i dei gamle lokala som faren hadde drive i, og fekk frå starten 20 tilsette. Den ti år yngre broren Asbjørn kom etter kvart med som kompanjong.

Brann og ny fabrikk

Men like etter nystarten vart fabrikken totalskadd av brann 1. juledag 1946. Nokre få maskiner vart berga, slik at produksjonen kunne haldast i gang fram til ny, stor fabrikkbygning på 750 kvadratmeter stod ferdig i 1948. Selje Skjortefabrikk fekk no 50 tilsette, og arbeidet vart lagt opp som akkordarbeid.
I tillegg til å arbeide full veke heime, nytta Wald og Asbjørn Drageseth i desse første åra helgane til å køyre ut varer til kundar på Austlandet. Selje låg kommunikasjonsmessig i den ytste utkant, og var slett ikkje prioritert med nye vegar og vedlikehald: Wald Drageseth fortalde at han måtte smørje høgtståande folk i Vegstellet med brennevinsgåver for å få dei til å koste brøyting av riksvegen over Mannseidet!

Skjorte frå Selje Skjortefabrikk

Største kvinnearbeidsplassen

Selje Skjortefabrikk vart mykje utvida utover 1950-talet, og kring 1960 var det 90 tilsette. 70 av desse var kvinner, og Selje Skjortefabrikk var den største industriarbeidsplassen for kvinner i fylket.
Selje Skjortefabrikk var ein av tre norske skjortefabrikkar som berga seg gjennom då billegimport skapte krise i te-ko-industrien på 1970-talet: Medan det i 1965 var 30 skjortefabrikkar i Noreg som produserte 2,3 millionar skjorter, var det ti år seinare berre att tre, med ein samla årsproduksjon på vel ein million skjorter. I det same tidsrommet hadde den årlege importen auka til 3,6 millionar skjorter!
Ein av grunnane til at Selje Skjortefabrikk kom seg gjennom syttitals-krisa var at dei hadde satsa sterkt på produksjon av uniformsskjorter.
Frå 1976 vart Wald Drageseth og sonen Magnar eineeigarar av skjortefabrikken og stod for drifta åleine. Fabrikken var i denne familiegreina si eige til 2001, då den vart seld til eit Oslo-firma: NB-Partner. Etter store reduksjonar i 2001 og 2002 er fabrikken i Selje så godt som nedlagd, og produksjonen flytta til Baltikum.
I 1979 flytta skjortefabrikken inn i eit stort nybygg vegg i vegg med det gamle bygget i Selje sentrum, medan den eldste delen vart omgjort til butikkar og kontor. Den eldste delen vart seinare riven for å gje plass til nybygg for COOP. I 2006 tok Skjortefabrikken Selje AS i bruk eit nybygg på vel 1,5 dekar golvflate like sør for Selje sentrum.

Selje Bruk AS og plastbåtproduksjon

I 1960 satsa Wald og Asbjørn Drageseth på lystbåtproduksjon: Dei skipa Selje Bruk AS og bygde i 1961 ein fabrikkhall på 600 kvadratmeter på Holmeneset på sørsida av Seljevågen. I starten fekk plastbåtfabrikken 50 tilsette. I tillegg til plastbåtar, produserte Selje Bruk ei tid også skyllekummar for bustadselskapet OBOS i Oslo.
Sju år etter starten var arbeidstokken oppe i 60 personar, og 60 prosent av produksjonen gjekk til Sverige.
I 1973 hadde Selje Bruk 105 tilsette. Produksjonen låg på 1500 båtar i året.
82 prosent av båtane vart då eksporterte til i alt 16 land.
Fabrikken gjorde særleg lukke med snekkemodellane Saga 20, Saga 24 og Saga 27.
I 1976 hadde Selje Bruk 120 tilsette og omsetning på 35 mill. kroner.
I 1976 overtok Asbjørn Drageseth og hans familie som eigarar åleine.
Men på same vis som andre norsk lystbåtprodusentnar fekk også Selje Bruk vanskar kring 1980, og gjekk konkurs i 1982.

Saga Boat AS

vart skipa 1983 som ei vidareføring av Selje Bruk. Asbjørn Drageseth m. familie eigde halvparten av aksjane i Saga Boat AS. Verksemda vart seinare vidareført under namnet Saga Trading AS, men gjekk i 2001 tilbake til firmanamnet Saga Boats AS. Verksemda hadde i 2006 60 tilsette.
Saga Boats ligg på sørsida av Prestevågen i Selje


Selje Plastindustri AS

Same året som Asbjørns familiegrein overtok som eineeigarar av Selje Bruk i 1975, starta Wald Drageseth plastbåtfabrikken Selje Plastindustri. Fabrikken produserste plastsnekker dei første åra og vart driven av Walds son Geir. Seinare kom svigersonen Anders Lien frå Haugen i Eid inn som kompanjong, og fabrikken satsa etter kvart også på redningsbåtar i plast. Selje Plastindustri gjekk konkurs i 1982. - Les elles meir om Anders Lien og Selantic AS under Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje.

Utandørs spa på Selje Hotell

Selje Hotell

Industribyggjaren Wald Drageseth hadde lange kjent saknet av eit skikkeleg hotell i Selje, der han m.a. kunne hyse forretningsfolk og andre som hadde ærend til fabrikkane der.
I 1975 bygde han difor Selje Hotell ved Seljesanden.
Hotellet hadde frå starten 85 senger, men er seinare utvida fleire gonger.
Frå 1976 overtok Gerd Kjellaug Berge og ektemannen Harald Berge drifta av hotellet, og i 1983 overtok dei som eigarar. Selje Hotell og vertskapet der vart tildelt næringslivsprisen Profilprisen for Sogn og Fjordane 1988.


MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no