SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Omlegging av jordbruket i Sogn og Fj.

Høyonn i Rivedal i Askvoll kommune. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune
Høyonn i Rivedal i Askvoll kommune. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune
I essayet ”Dansen kring Krotakalven” skreiv forfattaren Tor Jonsson om ”det store hamskiftet” i norsk landbruk på slutten av 1800-talet, då ein la om frå naturalhushald til pengehushald.

Publisert 27.02.2006 13:52. Oppdatert 13.11.2006 12:07.

I Sogn og Fjordane har landbruket også opplevd store omleggjingar og ”hamskifte” seinare. Dei viktigaste kom på 1950-talet og kring tusenårsskiftet.

Frå klyngetun til eigne gardsbruk

Det verkeleg store ”hamskiftet” for vestlandsjordbruket kom frå 1890-talet og fram til 1. verdskrig. Då hadde store jordskifte gjort slutt på småteigane, og kvart bruk fekk samla jorda, slik at kvar gardbrukar kunne flytte ut frå fellestuna og byggje moderne løer på eigne bruk. Samstundes kom grøfting og nye gjødslingmetodar, feavlen vart sett i system, og slåmaskiner og andre mekaniske reiskapar letta gardsdrifta. Hushaldet vart lagt om frå sjølvberging til sal av jordbruksvarer, og bøndene bygde større meieri og skipa innkjøpslag og salslag.

Den grå Masseyen som kom på 50-talet. Foto NRK.

Gråen og siloen

Den neste store omleggjinga i vestlandsjordbruket kom på 1950-talet då siloane for alvor vart tekne i bruk, og dei første traktorane avløyste hesten som trekkkraft: ”Gråen” – ein liten Ferguson-traktor - på større bruk eller på fellesen i maskinlag, og dei tohjula ”Bucher-traktorane” framfor ei ombygd hestevogn på mindre og brattlendte bruk. I fjøsen kom mjølkemaskina, og nye, elektriske maskiner gjorde det lettare på alle vis.
Bygdemeieri vart på same tida avløyste av større, regionale meieri med mjølkebilruter, og Vestlandske Salslag bygde storslakteri i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Gartnerhallen og store, lokale fruktlager tok seg av sortering og sal av frukt og bær. Mange gjorde gode pengar på pelsdyr som tilleggsnæring, og i turiststroka grodde
campingplassane opp som attåtnæring på mange bruk.

Landbruksoffensiv etter EF-striden

Etter EF-striden i 1972 bles det ein distriktsvenleg vind over landet som kom jordbruket til gode: Det statlege ”Øksnes-utvalet” (oppkalla etter fylkeslandbrukssjef Oskar Øksnes i Møre og Romsdal) staka ut ein meir offensiv landbrukspolitikk som førde til store nyinvesteringar og modernisering i landbruket. Landbruksavtalane gjorde det særleg attraktivt for vestlandsbøndene å satse på mjølkeproduksjon. På dei fleste større gardar i fylket vart det på 1970- og 1980-talet bygd nye driftsbygningar eller gjort store moderniseringar på eldre, og maskinparken vart fornya.

Flukta frå jordbruket

På 1990-talet snudde det: Vilkåra for norsk småskalajordbruk vart gradvis mykje endra ved reduserte tilskot, samstundes som norsk matvareproduksjon vart mindre skjerma frå konkurranse frå importerte matvarer. Betre økonomiske tider med sterk vekst m.a. i oljeindustrien gjorde at mange bønder la ned drifta, leigde jorda bort til naboar og søkte arbeid i andre yrke. Eller dei gjekk over til mindre arbeidskrevjande driftsformer, slik at det vart mogeleg å kombinere gardsdrifta med arbeid utanom bruket.
Særleg frå 1995 har talet på yrkesaktive i landbruket gått sterkt tilbake, og nedgangen i Sogn og Fjordane har vore sterkare enn landsgjennomsnittet. Nedgangen har vore sterkast i kystkommunane: Medan det var 5635 gardsbruk i Sogn og Fjordane som fekk produksjonstilskot i 1995, så var det berre 3733 gardsbruk som fekk tilskot i 2005. På 10 år vart altså talet på gardsbruk med rett til tilskot redusert med 31 prosent.
For landet samla var tilsvarande tal 71.642 i 1995 og 50.852 i 2005 – ein nedgang på 26 prosent.

Men jordbruksarealet auka

Men samstundes med at nærpå ein tredjepart av bruka i fylket vart lagde ned som sjølvstendige bruk i tiårsperioden 1995-2005, så var det ingen reduksjon – tvert imot ein liten auke – i jordbruksareal som var i drift. Grunnen til dette var at nabobruk eller andre gardbrukarar tok over slåtten på dei nedlagde bruka, anten gratis eller som leigejord: I 1995 var det samla driftsarealet i fylket på 461.598 daa. I 2001 hadde det registrerte tilskotsarelaet auka til 481.450 daa. Det vart litt redusert fram til 2005 då det var 464.235 daa, men likevel fleire tusen mål større enn 10 år tidlegare.
I same perioden har stendig meir slåttemark, særleg den som ligg i bratt og ulendt terreng og ikkje eignar seg for tunge maskiner, gått over til beitemark. Slått med forhaustar fører dessutan til at mykje kantareal på bøane ligg uhausta. I eit reiselivsfylke som Sogn og Fjordane har ein difor vore opptekne av å demme opp for ei utvikling der kulturlandskapet ligg ustelt og gror att.

I 2006 var det berre åtte prosent av dei yrkesaktive i Sogn og Fjordane sysselsette i jordbruk og fiske.

Hilde Fellesfjøs i Innvik. Foto NRK.

Samdrift skyt fart

Etter tusenårsskiftet vart det lagt eit sterkt politisk press på norske bønder til å slå bruka saman i større driftseiningar m.a. for å kunne møte konkurransen frå utlandet. Gunstige finansieringsordningar for store fellesfjøs og samdrift skulle stimulere denne utviklinga.
Åtte bønder på Hilde i Innvik var på mange vis langt føre si tid då dei alt i 1973 bygde eit stort fellesfjøs på 100 meters lengde og med plass til 96 mjølkekyr, med ungbeist i tillegg. I 1976 fylgde fire bønder på Bø i Breim etter med ein fellesfjøs som husar 200 storfé og 40 sauer. Men det var først då tusenårsskiftet var passert at planar for samdrift og fellesfjøsar skaut retteleg fart i Sogn og Fjordane. Berre i 2005 og 2006 vert det bygd 18 store fellesfjøsar i Sogn og Fjordane. Ei av årsakene til at det vert satsa så sterkt på fellesdrift, er kravet om at alle husdyrbruk skal ha gått over til såkalla lausdrift innan 2024. Ved lausdrift står ikkje dyra på båsar, men går fritt omkring i fjøset.




MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no