|
Postvegen blir i dag brukt som turveg. Foto: Tom Dybwad |
Den gamle postruta mellom Bergen og Oslo gjekk gjennom Nærøyfjorden og Gudvangen. Posten vart rodd mellom Gudvangen og Lærdalsøyri, men i isvintrar måtte postmannen hentast ved iskanten lengre ut i Nærøyfjorden.
Var det meinis og utrygt, måtte postmannen klive i fårlege hamrar frå Gudvangen og utmed fjorden til han kunne møte postroaren i open sjø. Til hjelp vart det murt enkle murar og sett opp stigar og tregjerde hist og her, slik at han hadde noko å halde i over berg og isjuklar.
Tidleg ute med dampskipsrute
Det var mykje for å gjere posttransporten Bergen–Oslo gjennom Sogn både lettare og tryggare at Staten i 1839 starta ei av dei første dampskipsrutene i landet mellom Bergen og Lærdalsøyri. Ruta var statsfinansiert som postrute, men reisande fekk også fylgje så langt plassen rakk. Det første dampskipet i denne postruta heitte ”Bjørgvin”, men vart i 1843 avløyst av hjuldamparen ”Constitutionen”.
Avløyst av Fylkesbaatane
Frå slutten av 1860-talet vart den gamle ordninga med postroarar Gudvangen–Lærdal avløyst av Fylkesbaat-rutene. Det var ein tilbodsrunde på denne viktige posttrafikken som lokka og som fekk amtmann
Michael Conrad Sophus Emil Aubert til å stille seg i spissen for skipinga av Nordre Bergehuus Amtsbaate (Fylkesbaatane) i 1858. I 1890 vart Indre Sogn Postekspedisjon skipa, og frå då av fekk dei fleste fylkesbåtar eige postkontor ombord. Den første ruta som fekk slikt postkontor, var Gudvangen–Lærdal.
Då Bergensbana opna i 1909 vart postruta flytta frå fjordabåtruta mellom Gudvangen og Lærdal til Flåm–Lærdal.