SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins

Ann Kristin Flatland, Vik
Ann Kristin Flatland, Vik
Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins vart skipa i 1985 med Per Kjell Åland frå Hopland som første leiar.

Publisert 03.04.2006 08:58. Oppdatert 15.06.2006 12:10.

Dei historiske røtene til dagens skiskyting – eller biathlon – går tilbake til militære skisoldatar på 1700-talet. Moderne skiskyting utvikla seg difor først som ei militær idrettsgrein med patruljeløp. Eldre skiskyttarar i Sogn og Fjordane kan også hugse at skytinga vart kombinert med storslalåm!

Grovkalibra våpen

Skiskytinga var organisert gjennom Det frivillige Skyttarvesen frå 1961, og heilt fram til vinteren 1978 vart det nytta grovkalibra våpen og større skyteavstand enn no. Norges Skiskytterforbund vart skipa i 1983 og teke opp som særforbund under Norges Idrettsforbund året etter. I 2005 hadde skiskyttarforbundet kring 9000 medlemer fordelt på 126 klubbar og grupper.


Skiskyting i 17 lag

I 2006 er det skikyttargrupper i 17 idrettslag kringom i fylket i fylgjande idrettslag: Eikefjord, Førde, Gloppen, Hardbagg (Nordsida i Stryn), Heggjabygda, Hornindal, Jotun (Øvre Årdal), Lavik, Markane, Norane, Olden, Sogndal, Stårheim, Syril (Leikanger), Vetlefjorden, Vik og Årdalstangen.

Tarjei Bø

Sterke prestasjonar nasjonalt

Fram til 2006 er det særleg Arna Kolltveit og Ann Kristin Flatland frå Vik, Evelyn Lauvstad Hanevold, Ronny Hafsås, Espen og Stine Øvreberg (sjå Kjende personar i Eid) frå Stårheim, Tarjei Bø frå Stryn og Eline Fannemel (sjå Kjende personar i Hornindal) frå Hornindal som har oppnådd dei fremste resultata på nasjonalt og internasjonalt nivå.



Skifeltskyting,

som vert organisert under Det frivillige skyttervesen (DFS), er framleis ei sterk idrettsgrein i Sogn og Fjordane. Her har både Jarle Tvinnereim og Roger Lillestøl frå Hornindal og Herman Erdal frå Førde nådd topplasseringar både i nasjonale og internasjonale tevlingar.

I 2002 skipa Stårheim og Heggjabygda til senior-NM i skiskyting på Stigedalen i Eid kommune.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no