Sivilforsvaret høyrer inn under Justis- og politidepartementet og vart først organisert etter ei lov frå 1953.
|
Sivilforsvaret vert ofte nytta til leiteaksjonar. Biletet er frå øving i Førde. Foto: L. Bergheim |
Den sentrale leiinga heitte fram til 2003 Direktoratet for sivilt beredskap, og regionalt sorterte Sivilforsvaret under Fylkesmannen, og politimeistrane var krinssjefar i Sivilforsvaret.
Hovudkvarter i Sogndal
I 2004 vart Sivilforsvaret omorganisert under Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Landet er delt i 20 sivilforsvarsdistrikt. DSB-organisasjonen gjev felles kommando- og myndigheitsliner frå sentralt til lokalt nivå for brannvern, redningsteneste, sivilforsvar og generell beredskap.
Hovudkvarteret i Sogn og Fjordane ligg i Sogndal. Dette har fem tilsette med distriktssjef Gaute Molvær som første leiar.
Skal sikre sivilbefolkninga
For krigsberedskap skal Sivilforsvaret planleggje og setje i verk ikkje-militære tiltak for å hindre og rå bot på skade på sivilbefolkning og sikre infrastruktur ved krigshandlingar. Dei mest kjende tiltaka har vore bruk av sirener/tyfonar i tettbygde strok som varslar om åtak eller andre farar som trugar, tilfluktsrom der folk kan søkje ly, og krigsutflytting frå byar og andre område som er truga av krigshandlingar.
Meir vekt på ulukker
I dei seinare åra har Sivilforsvaret retta mykje av merksemda og øvingane inn på hjelp ved katastrofar og ulukker i fredstid. Dei samarbeider då tett med politiet, frivillige redningsorganisasjonar, brannvesen, helsevesen og kommunal- og regional leiing.
Både menn og kvinner mellom 18 og 65 år kan verte pålagt tenesteplikt i Sivilforsvaret.
Seks FIG-grupper
Kringom i Sogn og Fjordane er det skipa seks såkalla fredsinnsatsgrupper (FIG) med tenestepliktig personell; i Eid, Førde, Florø, Askvoll, Høyanger og Aurland. Desse gruppene er godt utstyrte for søk og redningsaksjonar, medisinsk førstehjelp, brann, flaum m.m. Langt over tredjeparten av oppdraga til desse lokale gruppene gjeld leiteaksjonar.