|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Luster: Trond Tollefson Benkestok Trond Tollefson Benkestok (1497-1558), busett på Jordanger. Norsk adelsmann og lensherre. Publisert 12.05.2006 14:23.
Høyrde til den kjende adelsætta Benkestok som eigde store jordeigedomar i Noreg i seinmellomalderen. I 1523 finn ein Trond Benkestok som lensherre i Sogn, der han fekk hand om jorda i fem skipreider.
Saman med riksråd Johan Kruckow på Sørheim-godset allierte han seg med erkebispen Olav Engelbrektson i Nidaros i kampen for å bevare katolisismen i Noreg på 1520-talet.
Flytte til NordlandVed eit forlik mellom danskekongen i 1528 og den maktsjuke statthaldaren Vincens Lunge, tapte Trond Benkestok retten til å vere lensherre for Sogn og flytta til Meløy i Nordland. Det var gjennom giftarmålet med Anna Johnsdotter Haar (1519–1569) frå adelsætta Gyldenløwe at han fekk hand om eigedomane i Nordland. På same vis som slektningen Johan Kruckow på Sørheim, tok Trond Benkestok i 1532 parti for Fredrik I i striden om den norske kongekruna. Då Fredrik gjekk sigrande ut av striden, vart Trond tildelt den lågadelege tittel "væpnar".
HøgadelsmannI 1541 fekk Trond Benkestok inntektene til Meløy kapell, og same året også frå Sunnfjord len. I 1547 vart han tildelt Sunnmøre len og store Stigtens gods, og var på denne tida avansert til riddar - d.v.s høgadelsmann. I 1555 er han nemnd som fut på Bergenhus og samstundes befalingsmann på Bergenhus festning.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|