|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Jølster: Steinar Dvergsdal | Steinar Dvergsdal |
Steinar Dvergsdal f. 1955 i Dvergsdal. Bonde og organisasjonsmann. Publisert 12.05.2006 15:14.
Starta som 20-åring karrieren som tillitsmann i samvirkeorganisasjonar som styremedlem i Jølster Samvirkelag, og har med åra vorte ein av dei mektigaste leiarane innan norske samvirkeorganisasjonar.
Styremedlem i Norske Felleskjøp frå 1993 og styreleiar 1995–2002 og 2006- . Styreleiar i Landbrukets Arbeidsgiverforening 1995–2005. Han har vore styreleiar i Norsk Landbrukssamvirke og Landbrukets Arbeidsgiverforening, og styremedlem i Landbrukets Medieselselskap, som eig avisa Nationen. Dvergsdal har vore styremedlem i Coop Norge (NKL), og vore leiar i Samvirkeutvalget som er eit fellesutval for Norges Vel, Norsk Landbrukssamvirke, COOP Norge, Norske Boligbyggelags Landsforbund og Norges Fiskarlag. Frå 2001 har Dvergsdal vore styremedlem i den internasjonale samvirkealliansen ICA (International Cooperative Alliance) som har meir enn 800 millionar medlemmer verda over. Då Felleskjøpet Aust Vest slo seg saman med Felleskjøpet Trondheim til Felleskjøpet Agri i 2006, vart Dvergsdal vald til styreleiar i det nye selskapet.
Lokalt har Dvergsdal m.a. representert Senterpartiet i kommunestyret i Jølster. I 2005 vart Dvergsdal også medeigar i Skei Hotell.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|