|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Reiselivsbedrifter i Aurland: Gjestgjevarstaden Arnehus ved DyrdalPå vestsida av Næryfjorden, litt nord for Dyrdal, ligg garden Arnehus. Sjølv om bygda i dag ligg veglaust og aude til, kom det alt kring 1700 eit kremmarleie og gjestgjeveri her. Publisert 28.08.2006 12:02.
Grunnen var at ferdslevegen var fjorden, postruta ut Nærøyfjorden frå Gudvangen til Lærdal gjekk like framom Arnehus.
Den første kremmaren og gjestgjevaren på Arnehus var bergensborgaren Konrad Biering. Kring 1737 overtok Bendik Sjursen Njøs frå Leikanger som gjestgjevar, men flytta i 1744 til Sunnhordland, og leigde bort gjestgjeveriet på Arnehus til Hans Anderson Dyrdal. I 1755 flytta han til Amla, og prestesonen i Lærdal, Ove Andreas Leyrdahl, vart gjestgjevar.
I 1759 tok premierløytnant Johan Wilhelm Barclay de Tolly frå Bergen over som kremmar og gjestgjevar på Arnehus. Men han vart ikkje lenge, for fire år seinare i 1763 kom Erik Iversen Hylland frå Hylland i Nærøydalen og tok over. Privilegium til handel og skjenking fekk Hylland i 1768. Men Barclay de Tolly vart sitjande som eigar av eigedomen til 1779, då han selde til Ivar Andersen Tufte, som då overtok handel og skjenkestove. Gjennom 1790-talet vart gjestgjeveriet drive i tur og orden av tre ulike personar, og så finn vi Jens Knutson Dyrdal som gjestgjevar frå 1805. Etter at han drukna i 1829, dreiv enkja staden til 1835. Men utover 1800-talet stilna trafikken, og nye tider og nye trafikkmønster gjorde at gjestgjeveri og handel på Arnehus vart lagt ned.
Nokre av dei gamle gjestgjevarhusa frå Arnehus vart flytta inn til Gudvangen og nytta til losji og handel der. – Les meir i artikkelen ” Turistruta Voss-Gudvangen-Lærdal”.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|