|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Segner i Aurland: Segna om Lisbet-Per i GudvangenLisbet-Per i Gudvangen var ein gåtefull person: Nokre ville ha det til at han var av taterætt, og at mora hadde vorte stukken i hel med kniv under eit fanteslagsmål i Myrkdalen i Voss. Publisert 28.08.2006 13:26.
Andre meiner at mora hadde rømt frå Danmark med ungane på grunn av ufred og krig. Lisbet-Per tente som gjetargut på Nesheim i Myrkdalen, men ein vår vart han haugteken av dei underjordiske. Men ut på hausten kom han brått springande innatt i stova, der han skar eit krossmerke i huda på eine tommelen. Då skreik det stygt utanfor, for krossmerket gjorde at dei underjordiske måtte sleppe taket i guten.
Libet-Per kjøpte seg fele, og vart kjend som meisterspelemann vide omkring. Ein gong hjelpte han bonden på Hylland med å binde ein fjellknaus som truga med å rase ned og øydeleggje gardshusa: Lisbet-Per klatra opp på knausen med fela og spela heile dagen til sola gjekk ned. - ”No er garden trygg i tre hundre år”, sa han til bonden då han kom ned att, våt av sveitte etter all spelinga. Som betaling fekk Lisbet-Per eit digert sølvstaup, ein hest og ei ku.
Ein annan gong skal Lisbet-Per ha kasta stål over eit brurefølgje med huldrer og haugfolk og stole sølvet frå brura. Ei sylja frå dette bruresølvet skal finnast den dag i dag i Sivle-muséet på Aurlandsvangen.
Lisbet-Per skal ha kome bort då han drukna i eit islagt fjellvatn under ei heimferd frå Hol, der han hadde spela i bryllup.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|