SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Aurland:

Turiststaden Gudvangen

Gudvangen i botnen av Nærøyfjorden spela den same rolla kring 1900 som Flåm har gjort seinare som det største turistsenteret i Aurland.

Publisert 28.08.2006 14:30. Oppdatert 04.01.2007 10:48.
Henry Enfield: Fra Gudvangen. Blomquist Kunsthandel

Bygda fekk to turisthotell, og i turistskipssesongen kunne 200 stolkjerrer stå klare på kaien for å gje turistane hesteskyss opp til Stalheimskleivi når dei flytande hotella ankra opp ute på fjorden og tusenvis av turistar strøymde i land. Opninga av den nye stamvegen Bergen-Oslo på 1990-talet - og ikkje minst at Næryfjorden har kome på FN si verdsarvliste - har på nytt gjort Gudvangen til eit viktig reisemål.
Hesteskyssen ventar på turistar i Gudvangen. Foto: K. Knudsen

Kongeveg og post

Heilt frå dei kongelege postrutene vart starta av stathaldar Hannibal Sejerstedt i 1647, har postruta mellom Bergen og Oslo over Sogn vore ei av dei viktigaste i kongeriket: Ingen stader kunne ein finne ei betre ”lågslandsline” mellom aust og vest enn over Filefjell. Posttrafikken førde med seg utbygging av skikkelege køyrevegar alt på 1700-talet, både over Lærdal og Filefjell og mellom Gudvangen og Voss.
Gudvangen vart eit svært viktig knutepunkt for den kongelege postruta: Her skifte postsekken frå hesteryggen til båt, og roarane tok over postføringa ut fjorden og til Lærdalsøyri. Isvanskar i Nærøyfjorden gjorde at ein seinare bygde primitive vegar - eller stiar - utmed fjorden til Bakka, og derifrå fjordkryssing til Styvi på austsida for å kome ut i isfritt vatn.
På 1840-talet vart den første norske dampbåten, hjulbåten ”Constitutionen”, sett inn på postruta Bergen- Lærdalsøyri. Men hovudtrafikken med reisande Bergen-Oslo gjekk framleis i lang tid over Voss-Gudvangen-Lærdal. Det var først då Bergensbanen over høgfjellet opna i 1909 at dette reisemønsteret over Sogn vart endra radikalt.

Gullåra for Gudvangen

Åra frå 1880 og utover til 1. verdskrig vart gullåra for reiseliv og handel i Gudvangen, for då tok utanlandske turistar til å strøyme til dei norske fjordane. I desse åra hadde Gudvangen den same rolla i reiselivsnæringa i indre Sogn og Flåm spelar i dag. Her vart utlendingane mållause av dei mektige fjella kring Nærøyfjorden og skyssturen ned den stupbratte Stalheimskleivi.
Innfallporten for den første masseturismen var ”englandsbåten” frå Newcastle som starta rutene kring 1858. Dei nyskipa Fylkesbaatane skyssa turistane vidare nordover til fjordane i Sogn og Nordfjord. På kort tid skaut det opp over 50 hotell i Nordre Bergenhus Amt. Langs dei mest populære turistrutene låg hotella på rekkje og rad: På strekninga Lærdal-Filefjell-Valdres, langs reiseruta Vadheim-Førde-Sandane, og i indre Nordfjord langs vegane nordover til Norangsdalen, Sunnylven og Geiranger/Gudbrandsdalen. Også langs ruta Bergen-Voss- Gudvangen låg turisthotella tett, og då Vossabanen vart opna frå Bergen til Voss i 1883 (seinare forlenga til Bergensbanen, som opna i 1909), vart det retteleg fart på reiselivet over Gudvangen.
Gudvangen Hotell. Foto: K. Knudsen.

200 hestekjerrer på kaien

Mange bønder i Gudvangen gjorde seg gode pengar som skysskarar. Då dei store turistskipa – dei flytande hotella – tok til å gjere seg gjeldande på turistmarknaden på 1890-talet, vart det vanleg å skipe til såkalla overlandsturar frå Granvin i Hardanger og over til Gudvangen, slik det også vart skipa til overlandsturar i indre Nordfjord mellom Stryn og turistbygdene Geiranger, Hellesylt og Øye på indre Sunnmøre.
Ei teljing i 1908 fortel at Gudvangen i 1908 hadde anløp av 79 utanlandske turistskip med i alt 10.000 passasjerar. I tillegg kom Fylkesbaatane sine 4.500 reisande.
Ofte kunne det stå 200 hestekjerrer oppstilt frå kaien i Gudvangen og tre kilometer innover for å skysse turistar!
Like før første verdskrig hadde bygda årleg gjesting av 30.000 passasjerar frå turistskipa.
Bygda summa av liv og røre. Ikkje alt gjekk fredeleg føre seg, særleg når skysskuskane kom i krangel i iveren etter å kapre passasjerar og gjestar til hotella kringom i bygdene. Her var det både lærdøler, vesser og hardingar som kunne stridast om dei reisande.
I 1910 vart det tilsett eigen politibetjent som skulle syte for lov og orden. Nærøy var eige lensmannsdistrikt frå 1867 til 1912.

Keisar og kunstnarar i Gudvangen

I desse gullåra for turismen i Gudvangen var keisar Wilhelm II av Tyskland ein prominent og årviss gjest frå 1889 og utover til hundreårsskiftet, då Balestrand vart favorittstaden hans i Sogn. – Les meir om keisaren i Sogn under Balestrand kommune, og under Stryn kommune.
Også dronning Wilhelmina av Nederland var ein flittig gjest i Gudvangen. Ho kom første gong i 1921. Siste gongen ho vitja bygda i 1955 kom ho saman med dottera, seinare dronning Juliana. – Les meir om dei kongelege turistane frå Nederland under kommunane Luster og Stryn.
Dei stupbratte fjordsidene kring Nærøyfjorden lokkka ei mengd kunstnarar til Gudvangen, både norske og utanlandske. I. C. Dahl sitt måleri frå Stalheim er eit ikon i norsk målarkunst frå romantikken, og kunstnarar som t.d. Anders Askevold og Balestrand-baserte kunstnarar som Adelsten Normann, Hans Dahl, Hans Andreas Dahl, Eva Bastor Normann, Alfred Heaton Cooper og fleire har henta ei mengd motiv frå Nærøyfjorden og Gudvangen. – Les meir om kunstnarane i Sogn i artikkelen Kunstnarane og Balestrand under Balestrand kommune, og i artikkelen Kroken - adelssete og kulturelt senter under Luster kommune.

Turistane gjekk opp Stalheimskleiva

I mellomkrigstida vart turiststrafikken mellom Voss og Gudvangen organisert av tre skysslag som delte bilskyssen Gudvangen-Stalheim mellom seg slik at Nærøydalen Skysslag fekk 55 prosent av trafikken og dei to skysslaga frå Vossa-sida fekk resten.
Turistane vart skyssa med bil til foten av Stalheimskleivi. Der vart dei fleste sette av for å gå opp den bratte vegen til fots opp til lunsjborda på Stalheim Hotell. Dei som ikkje orka å bruke føtene vart skyssa opp kleiva i hestekarjol.
Ved foten av kleiva låg det også ein liten kafé for turistar og skysskarane som venta. Ved dei åtte grindane nedetter dalen tente kjappe grindagutar gode pengar på servicen med å opne for turistvognene.
Hesteskyssen mellom Gudvangen og Stalheim tok slutt då vegen i Stalheimskleiva vart utvida til skikkeleg bilveg i 1937.
På same tid tok straumen av turistbåtar og skyss som fylgde med ein temmeleg brå slutt då nazistane i Tyskland på slutten av 1930-talet tok til å skape ufred i Europa. Tyske turistar fekk då ikkje lenger lov å stige i land i bygda.

MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no