SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Aurland:

Gjestgjeveri, hotell og handel i Gudvangen

Gudvangen vart eit naturleg kvilepunkt for både postførarar og reisande, og her vart det første gjestgjeveriet opna i 1805 av Jens Knutsen Kappadal.

Publisert 28.08.2006 14:46.

Han flytta ei tingstove og to gjestestover frå det tidlegare gjestgjeveriet i Arnehus sjå Gjestgjevarstaden Arnehus ) og bygde husa saman til ein langstrakt bygning.
Kappadal dreiv gjestgjeveriet og handelen i Gudvangen fram til 1812, då vossingen Kolbein Ingebrigtsson Sundve overtok. Han dreiv dei første fire åra sjølv og leigde seinare ut til andre, mellom andre Hans Hansen Bakka frå Bakka ute ved fjorden.
I 1827 overtok Jakob Rosenwing Ringkjøb frå Bergen feste på gjestgiveriet og handelen i Gudvangen, og han sette no opp ei påbygg i to etasjar med matsal og salong i første etasje. No tok staden til å likne på eit hotell.
Då Jakob Ringkjøp døydde i 1833, tok enkja Oline over drifta av både handel og ”hotell”.

Gjestgjeveriet vert Schultz Hotell

Då vegen ned Stalheimskleiva var bygd ferdig som køyreveg på 1840-talet, førde det til eit sterkt oppsving både for reiseliv og handel i Gudvangen. I 1841 gifte madam Ringkjøb seg med Jens Fynboe Wilman frå Trøndelag, og dei neste åra utvida han eigedomen med eit stort, nytt hotell på øvre sida av vegen og ei sjøbu i fjøra.
I 1849 døydde Jens Fynboe Wilman. Sonen Christian Bjørn Wilman tok over drifta i 1856 og dreiv i 10 år. Deretter var det fleire eigarskifte før handelsmann Jon Larsen frå Aurland kjøpte i 1869. Larsen gav drifta av hotellet i Gudvangen over til svigersonen Johan Daniel Schultz. Han kalla hotellet ”Schultz Hotell” og dreiv det til 1879.

Hellands Hotell

I 1879 kom lærdølen og underoffiseren Ole Knutsen Helland til Gudvangen og bygde ”Hellands Hotell” like ved Schultz Hotell. På nedsida av vegen dreiv han butikk. Ole døydde i 1882, 32 år gamal. På same vis som med det andre hotellet i bygda, vart det også her enkja, Brita Helland, som dreiv Hellands Hotell vidare i nokre år inntil ho måtte slå seg konkurs. Ein lærdøl som hadde kausjonert, slo til seg eigedommen, men i 1892 kom den tidlegare styrmannen Alfred Barclay Meidell inn som hotelleigar.

Vikingvang Hotell i 65 år

I 1895 bygde Alfred Barclay Meidell på hotellet med ein matsal sørover og gjorde elles andre endringar og utvidingar på bygget, og no kalla han det Vikingvang Hotel & Cafe.
I 1899 kjøpte direktøren på Stalheim Hotell, tyskaren Cristian Dinger, Vikingvang Hotell i Gudvangen. Den neste eigaren og direktøren på Stalheim Hotell, bergensaren
John Waler, overtok i Gudvangen i 1912 og dreiv til 1916. Stalheim Hotell AS fekk offisiell skøyte på hotelleigedommen i Gudvangen i 1918.
Tidleg på 1950-talet vart hovudbygningen på Vikingvang Hotell selt til kjøpmann Hans Martinussen Dræge, medan eit anneks på nedsida av vegen som høyrde til hotellet, vart kjøpt av eigarane av Gudvangen Hotell - det som tidlegare heitte Hansens Hotell (sjå dette) – Olav og Leif Hylland.
Hans M. Dræge la ned Vikingvang Hotell kring 1960, medan Olav Hylland og hans slekt utvikla hotelldrifta i Gudvangen vidare til det som i dag er kjent som Gudvangen Fjortell (sjå Hansens Hotell).

Hansens Hotell

Eilert Meyer starta landhandel i Gudvangen i 1851. Han tok også imot overnattingsgjester. I 1862 overtok trønderen Martinus Hansen eigedommen. I 1875 vert han omtala som hotelleigar, og han var dessutan dampskipskespeditør og skysstasjonshaldar i Gudvangen.
I 1890-åra utvida han bygningen og kalla den for Hansens Hotell.
I 1920 vart hotellet selt til tidlegare skreppehandlar, no handelsmann i Gudvangen, Lars Hylland, og sonen Olav Larsen Hylland. Dei endra no namnet til Gudvangen Hotell. Det vart Olav si slekt som skulle ta seg av hotelltradisjonane vidare.
Under 2. verdskrig vart hotellet rekvirert til militært bruk av tyskarane.
I 1951 overtok Olav Hylland eit anneks som Vikingvang Hotell hadde bygd på nedsida av vegen i Gudvangen og knytte annekset til drifta av sitt eige Gudvangen Hotell. Vikingvang Hotell på øvre sida av vegen vart kjøpt av Hans Martinussen Dræge som dreiv det kring ti år før det vart lagt ned for godt.
Sonen til Olav Hylland, Leif O. Hylland, tok over som hotelleigar i 1957 og dreiv Gudvangen Hotell saman med ektemaken Emma fram til sonen, Olav Hylland jr. og ektemaken Torild tok over som eigarar i 1986. Dei la eigedommane inn under Gudvangen Hotelldrift AS og bygde Gudvangen Fjortell som opna i 1991. Gudvangen Fjordtell har til saman 60 senger, restaurant for 300 gjester og ein uterestaurant med plass til 200.

Wilmans hotell i Gudvangen frå 1840-talet – Sjå Turiststaden Gudvangen.

Schultz Hotell i Gudvangen frå 1869 – sjå Turiststaden Gudvangen.

Hellands Hotell i Gudvangen frå 1879 – sjå Turiststaden Gudvangen.

Vikingvang Hotell – Sjå Hellands Hotell.

Gudvangen Hotell – Sjå Hansens Hotell.

Gudvangen Fjordtell - Sjå Hansens Hotell.


MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no