|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Vågsøy: Kyrkje på Kapellneset | Kapellneset. Foto: Arild Nybø |
Sør for Raudeberg ligg Kapellneset. Hamna der vert kalla Bugen, og på dette neset vart det bygd eit kapell i 1580-åra. Publisert 31.08.2006 10:46. Oppdatert 21.12.2006 11:41.
Sidan øya Silda ikkje ligg så langt unna, er det sannsynleg at det kan vere Silda-kyrkja som vart riven og flytta over til Kapellneset på Vågsøy.
Frå 1599 sokna alle som budde på Vågsøy og langs Ulvesundet til kyrkja eller kapellet på Kapellneset. Det let såleis til at sør-vågsøyværingane no var løyste frå sambandet sitt med Rugsund-kyrkja. Den vesle kyrkja på Kapellneset hadde eit 10 meter langt og åtte meter breitt kyrkjeskip og med eit kor i enden.
Altartavla hadde nattverdsmotiv, måla av Abel Olsen i 1609. Taket var enkelt rosemåla. Då stormen bles kyrkja skeiv, vart ho skora opp med skåter på nordsida, slik også den gamle kyrkja på Hove i Selje var.
I 1854 vart kyrkja på Kapellneset avløyst av ei ny kyrkje i Røysa nord i bygda. Kapellet sør i bygda vart rive og materialane selde og nytta som sjøbu på Måløyna. Dit drog også kyrkjeklokka som vart nytta som matklokke på handelsstaden.
På Kapellneset vart det i 1944 reist eit tårn til minne om den gamle kyrkjestaden, og då kom kyrkjeklokka på plass att i tårnet.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|