|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Gloppen: Anton Jakhelln PrytzAnton Frederik Winter Jakhelln Prytz (1858 - ?) frå Alstadhaug, busett på Vereide. Prest og forfattar. Publisert 04.09.2006 13:20.
Cand. theol. frå Universitet i Oslo i 1883. Lærar i to år i kvinnefengselet i Oslo, og tenestegjorde som kapellan i Valdres, sjømannsprest i Leith 1887–1893. Stiftsprest i Bjørgvin 1893–1901. Sokneprest i Gloppen og Breim 1904-1911 og prost i Nordfjord 1907–1911. Sokneprest i Porsgrunn 1911–1923.
Skreiv bøker og dikta salmarPrytz var kjend som ein særs folkekjær prest, og hadde tillitsverv i Nordfjord Indremisjon. Han skreiv tre prisløna bøker med ei preikesamling om bruk av sundagen som heilagdag, og fem andre bøker med religiøse emne. Han dikta også songar og salmar som t.d. ”O Jesus min ven, o Jesus min bror”. I Hyen bygde Prytz-familien hytte ved Gjengedalsstøylen.
Modell som Kristus-figurPrytz skal ha stått modell som Kristus-figur då målaren Ferdinand Kiærulf Tranaas måla altartavla til kyrkja i Randabygda.
Sonen vart nazistSonen med same namn, Anton Fredrik Winter Jahelln Prytz (1878–1945) budde også i ungdomsåra ei tid i Gloppen og gjesta ofte Prytzhytta i Hyen. Han utdanna seg til offiser og vart forretningsmann i Russland, der han m.a. hadde Vidkunn Quisling som medarbeidar. Før og under 2. verdskrig var Prytz jr. den næraste fortrulege medarbeidaren til Vidkunn Quisling og den første som teikna medlemskap i Nasjonal Samling ved skipinga i 1933. Han vart utnemnd til finansminister i Quisling sitt ministerium i april 1940, men takka i staden ja til å verte fylkesmann i Sør-Trøndelag. I 1942 gjekk han inn i Quisling sitt kommissariske råd som finansminister. I 1944 oppmoda Prytz Vidkunn Quisling til på be Hitler gjere Noreg til ein sjølvstendig stat under leiing av NS og Quisling - ei oppmoding som ikkje vart fylgd. Prytz jr. døydde av kreft den 19. februar 1945.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|