Den Norske Turistforening
- DNT - vart skipa i 1868 av Thomas Heftye til fremjing av eit aktivt tur- og friluftsliv i skog og fjell.
Frå første stund var det dei ville fjella i Jotunheimen og Breheimen som var den store utfordringa. Alt i 1870 vart den første fjellhytta opna i Jotunheimen. Det var Tyinhytta, og Memurubu vart kjøpt same året. I dei første åra var skikkelege kart over den norske fjellheimen mangelvare. Difor vart ei av dei første oppgåvene for DNT å peike ut spesielt lokalkjende folk som fjellførarar – såkalla patentførarar som fekk eit skriftleg prov på at dei var røynde fjellfolk.
Alt i 1904 tok DNT opp tanken om å skipe nasjonalparkar, men det skulle gå nærare 60 år før den første, Rondane nasjonalpark, vart skipa i 1962.
- Les meir om kjende patentførarar i Sogn og Fjordane i biografiar om desse under kommunane: Stryn, Balestrand, Sogndal, Luster, Årdal.
- Les meir om det norske kartverket under
Gerhard Munthe d.y., og
Ivar Refsdal.
- Les meir om DNT sitt engasjement i vassdragsfreding i artikkelen
Freding av Vettisfossen.
– Les meir om nasjonalparkane i Jotunheimen og Jostedalsbreen og om dei første fjellpionérane i artikkelen
Jostedalsbreen.
DNT har merka kring 20.000 kilometer turløyper, og vinterstid vert kring 7000 kilometer skiløyper merka. I 2006 har DNT over 207.000 medlemmer og disponerer over 420 hytter over heile landet.
Lokale turistforeningar
Den første turistforeninga på midtre Vestlandet var Turistforeningen for Bergen by og Stift som vart skipa i 1890. Det var hotelleigarar og andre personar innan reiselivet som gjekk i brodden for skiping av dei første regionale turistforeningane. Dei vart først og fremst ein reiskap for den nye turistnæringa, og dreiv aktivt salsarbeid og gav ut brosjyrar og reisehandbøker på fleire språk. Desse første turistforeningane arbeidde også for å auke den lokale hotellstandarden og betre skysstilboda.
I Sogn og Fjordane vart det skipa to lokale foreningar som var aktive frå 1890-åra og fram til kring 1910: Sønd- og Nordfjord Turistforening, skipa etter opptak frå hotelleigar
Peter Tenden i Stryn, og Sogn Turistforening, skipa etter opptak frå hotelleigar
Olaus Dahle i Fjærland. Denne siste foreninga gav i 1893 ut eit eige rutehefte og guide for turistar i Sogn, og laget hadde på det beste, i 1895, over 150 medlemmer.
Sogn og Fjordane Turlag er lokallag av DNT og vart skipa i 1983 med sju lokale turlag som medlemmer frå starten.