Stasjonen i Måløy kom ein gong i åra 1910–1914. I 1938 fekk basen i Måløy tildelt den første motordrivne redningsskøyta til NSSR: ”Andreas Aarø”, som også hadde moderne, lukka rorhus i staden for den opne rorbrønnen som seglskøytene var utstyrte med.
Lokal innsamlingsaksjon
Stasjonen i Måløy fekk heilårsbemanning frå 1975 med redningskryssaren ”Bergen Kreds, og fekk i 1987 ein hurtiggåande redningsbåt i tillegg til redningskryssaren. Etter ein lokal innsamlingsaksjon som gav 800.000 kroner, vart den hurtiggåande mobbåten ”Stadt” kjøpt inn til stasjonen i Måløy i 1988.
Redningskryssar på Shetland
I samband med dei store Måløy-dominerte fiskeria etter pigghå, lange og brosme kring Shetland på 1960- og 1970-talet, plasserte NSSR i åra frå 1965 til 1977 ein redningsskryssar i Lerwick.
Magne Sætren
I nær på 30 år var
Magne Sætren skipper på redningskryssarane som var stasjonerte i Måløy og i Lerwick. I 2005 kom boka ”Magne på Statten” (forfattar Helge Gloppen på eige forlag), der Sætren m.a. fortel om uver og utrulege redningsdådar på Stadhavet og i Nordsjøen.