Peder A. Sølvberg (1906-2000) var son til den kjende handelsmannen og Firda Billag-disponenten
Anders E. Sølvberg i Førde (sjå
Forretningsfamilien Sølvberg). Han var aktiv motstandsmann under 2. verdskrig, og spela ei sentral rolle då Askvoll fekk vassverk i 1954. Eitt år før Peder flytta til Askvoll, hadde søstera Nelly Sølvberg starta butikk. Ho flytta seinare tilbake til Førde og overtok familien sin butikk der.
|
Askvoll i 1935/36. Sølvberg-butikken er under bygging lengst til høgre i biletet. Foto: Abraham Strømmen |
Smør, ull og blåbær
P.A. Sølvberg bygde kombinert forretning og bustadhus i 1936. Askvoll var i lang tid utan eige meieri, og Sølvberg-butikken tok imot kinnasmør frå gardane for pakking og transport til m.a. Bergen. Dei tok også imot ull og blåbær.
Trelasthandel
I 1962 tok Sølvberg over fylkesbåtkaia og bygningane der etter dampskipsekspeditør Ragnvald Haugen, og dreiv m.a. trelasthandel og sal av bygningsvarer.
Nybygg i 1980
Sonen Gunnar Sølvberg tok seinare over som dagleg leiar og bygde nytt, stort handelshus litt lengre aust i Askvoll sentrum i 1980.
Forretningsbygga vart i 1998 selde til Førde Samvirkelag (sjå Askvoll samyrkelag under
Landhandlar i Askvoll).