|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Askvoll: K. Olsen Bageri | Olsenbua (lengst til h.) Foto frå boka "Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia |
i Askvoll vart starta av Karl Olsen frå Solheimsdalen i 1905. Publisert 30.11.2006 13:53. Oppdatert 05.12.2006 12:03.
I 1906 bygde Olsen ei stor sjøbu – på folkemunne kalla Olsenbua - der han dreiv både bakeri, vanleg landhandel og trelasthandel. I 1920 utvida han bygget austover. Enkja Amanda tok over drifta då Karl døydde i 1923, men gav seg kring 1926.
Slakteri og samyrkelagPå Olsenbua leigde også Lars Mandelid lokale til slakteriet sitt.
Askvoll Samyrkelag kjøpte i 1948 Olsenbua og starta si første forretning der.
SykkelreparasjonI den vestre delen av Olsenbua starta sonen til Karl og Amanda, Olaf Olsen, reparasjonsverkstad for syklar og vognhjul. Denne butikken - Askvoll Sykkel- og Sportsforretning - utvikla seg til ein vanleg sportsbutikk som i 1966 vart flytta til eit anna bygg på Apotekarbakken i Askvoll sentrum. Olaf Olsen dreiv sportsforretninga til 1980.
Olaf Olsen dreiv også kiosken på rutebåtkaia i Askvoll frå 1958, og dottera Gerd drev den fram til kiosken vart stengd for godt i 1996.
Som far, så sønerTo andre søner til Karl og Amanda Olsen, Ingolf og Kåre Olsen, vart begge bakarar: Ingolf i Stongfjorden og Kåre i Stongfjorden og noko seinare på Sunndalsøra.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|