|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Askvoll: Posten i AskvollAskvoll sentrum fekk postopneri i 1856 med Henrik Paasche som første poststyrar. Publisert 04.12.2006 08:07. Oppdatert 12.01.2007 13:07.Postkontoret heldt dei første ti-åra til i prestegarden i Askvoll. I 1863 overtok Anders O. Høvig (1826–1912) som poststyrar. Ektemaken Marie Høvig er registrert som poststyrar frå 1904. I 1906 bygde Høvik-folket eige hus der postkontoret flytta inn. Marie Høvig var poststyrar fram til 1933, då dottera Anna Margit Høvik tok over som poststyrar fram til ho slutta i 1959. Høvig-folket styrde dermed postkontoret i Askvoll samanhengande i 96 år.
Holmedalfekk postopneri i 1860, men dette vart frå starten lagt på Straumsnes på sørsida av fjorden, hjå handelsmann J. Aagesen. Der vart postkontoret verande heilt fram til 1893, då det vart flytta til Holmedal. I Holmedal vart lærar Arne L. Skarsten den første poststyraren. Postkontoret i Holmedal vart lagt ned i 1997.
Follevaagpostopneri vart skipa i 1876 med Gunder Follevaag som første styrar. I 1887 vart postkontoret flytta til handelsstaden og dampskipsekspedisjonen til handelsmann Endre Yndestad på Yndestad nordafor Stongfjorden. Endre Yndestad vart poststyrar. Etter århundreskiftet starta kraft- og industriutbygginga inne i Stongfjorden, og dette kravde at det i 1907 vart skipa eit filialpostopneri der. Lasse E. Yndestad, som dreiv handel ved kaia på Gjerde, vart første poststyrar i Stongfjorden.
Postkontoret i Stongfjorden fekk eigen postopneristatus i 1912, og vart lagt ned i 1997.
Yndestad postopneri frå 1887 – sjå Follevaag.
Flokenesved Førdefjorden fekk postopneri i 1889 med handelsmann og dampskipsekspeditør Jens Henriksen Flokenæs som første styrar. Truleg var han uløna poststyrar dei første åra. Postkontoret i Flokenes vart lagt ned i 1990.
Bulandetfekk postopneri i 1890 med landhandlar Iver Karlsen Værø som første styrar. I 1905 vart namnet på dette postkontoret endra til ”Værlandet”, samstundes som det vart skipa eit nytt ”Bulandet” postopneri med dampskipsekspeditør Petter B. Nikø som styrar. Værlandet postopneri og Bulandet postopneri vart lagde ned i 1997.
Atløen poståpneripå øya Hindøy vest for Atløy vart skipa i 1892 med sersjant og handelsmann Peder A. Spord som første styrar. Noko seinare vart dette postopneriet flytta til Herland på vestsida av Atløy. Der vart dampskipskespeditør Tallak Kolbeinson Herland første styrar. I samband med at Kumle postkontor vart omskipa til Atløy postkontor i 1995, vart postkontoret på Herland lagt ned. Men i omlag eitt år etter nedlegginga vart Herland-kontoret likevel halde ope halvannan time dagleg.
Stavenesetfekk postopneri i 1894 med handelsmann Lauritz Pettersen som første styrar. Pettersen-folket var styrarar for posten der fram til 1939. Postkontoret på Staveneset endra i 1973 status til underpostkontor og vart lagt ned sommaren 1974.
Kvammen i Søndfjordvart postadressa då Kvammen fekk postopneri i 1894 med handelsmann A. Absalonsen
som første styrar. I 1921 vart postadressa modernisert til ”Kvammen i Sunnfjord”, og i 1976 endra til berre ”Kvammen”.
Sauesundpå Atløy fekk brevhus i 1899 med kjøpmann Vincens H. Ask som første styrar. I 1901 vart dette brevhuset lagt ned, og i staden kom det postopneri på Kumle omlag ein kilometer nordafor Sauesund. Vincens H. Ask var den første poststyraren også på Kumle. Kumle postopneri endra i 1995 status til å verte postkontor for heile Atløy under namnet Atløy postkontor. I omlag eitt år etter denne omlegginga heldt Atløy postkontor i gang Herland-kontoret halvannan time opningstid kvar dag .
Kumle postkontor frå 1901 – sjå Sauesund.
Ytre Bulandetpostopneri ved dampskipsanløpet Austneset vart skipa i 1904. Postopneriet vart lagt ned i byrjinga av 1906.
Værlandet postkontorfrå 1905 – sjå Bulandet.
Stongfjorden postkontorfrå 1907 – sjå Follevaag.
Høivik(Høyvik) på nordsida av Atløy fekk brevhus i 1926. I 1954 vart dette omgjort til Høyvikbygda postopneri.
Vårdalsnesfekk brevhus i 1937 med Harald Vårdal som styrar. Brevhuset vart lagt ned i 1963.
Skorvemarkbrevhus i nordre luten av Askvoll kommune vart skipa i 1939, men lagt ned i 1971 og sortert under Kvammen.
Hellestrandfekk brevhus i 1946. Den første adressa var Hellegrend, men dette vart endra til Hellestrand i 1948. Hellestrand vart lagt ned i 1966 og innordna under Holmedal.
Høyvikbygda postopneri frå 1954 – sjå Høivik brevhus.
Atløy postkontorpå Kumle frå 1995– sjå Sauesund.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|