Etter 2. verdskrig fekk Bergensmeieriet fotfeste i Askvoll-distriktet:
Då starta det innveging av mjølk, som vart send fersk til Bergen. I 1957 bygde Bergensmeieriet eit relativt stort meieri i Askvoll sentrum. Anlegget tok imot mjølk frå heile dåverande Askvoll kommune og heilt nedover til Øen krins i noverande Hyllestad.
Nedlagt i 1974
I 1962 vart meieriet i Holmedal lagt ned og slege saman med Askvoll. Bergensmeieriet la ned Askvoll-meieriet kring 1974 og samla produksjonen frå leveringsdistriktet sitt kring Dalsfjorden til Bygstad Meieri i Gaular.
|
Tor Gjedrem |
Røykelaks og lodderogn
Dåverande direktør i Bergensmeieriet, Tor Gjedrem, hadde ambisjonar om å gjere Bergensmeieriet til eitt av landets største konsern for matproduskjon og distribusjon. Det vart bygd stor konservesfabrikk i Lærdal som skulle få råstoff frå kontraktdyrkarar i Sogn, og "gamlemeieriet" i Askvoll vart bygd om til foredlingsanlegg for fiskeprodukt. M.a. vart det produsert røykelaks og lagt ned lodderogn, men produksjonen lønte seg ikkje og vart lagd ned i 1979.
Askvoll Brug
Askvoll kommune kjøpte den gamle fabrikkbygningen, som m.a. husa tinnstøyperiet Askvoll Brug. Denne verksemda flytta etter kort tid til Krøderen på Austlandet, der firmaet har gjort stor suksess med produksjon av eksklusive prydartiklar i tinn.
Kommunen selde etter ei tid meieribygget i Askvoll til private, og sidan har bygget husa ei mengd ulike forretningar og småbedrifter.