SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Lag og organisasjonar i Askvoll:

Vestlandske Indremisjon og kløyvinga i Sunnfjord

Holmedal Forening var det einaste lokallaget som ikkje gjekk med i Søndfjord Fællesforening for den indre Mission då dette regionlaget vart skipa i Sunnfjord i 1886.

Publisert 04.12.2006 10:46.

Denne ”åleinegangen” skulle også vere opptakten til at indremisjonen i Sunnfjord noko seinare kløyvde seg: Medan dei fleste indremisjonslaga i Sunnfjord vart medlemmer i Lutherstiftelsen - Det norsk lutherske indremisjonselskap - valde Dalsfjorden og Bremanger fellesforening å melde seg inn i det meir konservative Vestlandske Indremisjonsforbund då det vart skipa i 1898.
Bakgrunnen for denne kløyvinga var at Dalsfjord-området ikkje kom med i Hauge-rørsla slik tilfellet var i dei nordlege og indre Sunnfjord-bygdene.
Det var først og fremst ein tilflytt lærdøl, Anders Nordstrand, som fekk dalsfjordingane til å velje Vestlandske Indremisjon og ikkje Lutherstiftelsen: Nordstrand var påverka av Jakob Traasdahl i Bergens indremisjon, som seinare fekk skipa Vestlandske Indremisjonsforbund som ei konservativ utbrytargruppe frå resten av den norske indremisjonen.

På oppmoding frå Nordstrand fekk Traasdahl sendt emissæren Anders Haavik til Holmedal. Dette førde til skipinga av Holmedals Sogn Indremissionsforening i 1878. I Bergen fekk til og med dette laget ei eiga støtteforening - ”Støttelag for Søndfjord” - skipa av den tidlegare Gaular-presten Ernst Fredrik Eckhoff, som då var flytta til Bergen. Denne Bergens-gruppa sette inn ein Sunnfjord-offensiv, m.a. med å sende reisetalar til Askvoll. Der vart det konfliktar mellom det gamle misjonslaget i bygda og tilhengarane av ”Bergens-forkynnarane”. Utfallet av striden vart skiping av eit nytt misjonslag i Askvoll i 1892, slik at det vart to konkurrerandde misjonslag i bygda.

Noko av det same hende i Bremanger: I 1902 braut misjonslaget der ut frå Søndfjords Fællesforening og slo seg saman med Holmedal-foreninga i ”Dalsfjorden og Bremanger Fællesforening for Indremissjonen” som så melde seg inn i Vestlandske Indremisjonsforbund.
-Les elles meir om misjonslaga i fylket under Sogn og Fjordane fylke: Livssynsorganisasjonar i Sogn og Fj..

MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no