Jensen slo seg ned i Holmedal i 1890 og vart den største industribyggjaren i Sunnfjord fram til 1918. Han kjøpte Holmedal gard, der
Ellend Eide m.a. hadde drive fylkets første husmorskule.
Johan Jensen dyrka Holmedals-garden opp til 300 da. og dreiv den fram til eit mønsterbruk. Han fekk bygd veg frå Eikenes til Helle, og frå Holmedal til Helleset.
Fabrikkar og elektrisitetsverk
I 1895 gjorde Jensen opptaket til det første teglverket på Helle, starta Trollefos Uldvarefabrikk i 1895, Firda brusfabrikk og Dale Kloggfabrikk i 1899 og smørfabrikken ”Flora” i 1901. Ved Trollefos bygde han også eige elektrisitetsverk.
Smørfabrikken "Flora" gjekk inn etter få år, og eigedomen vart overteken av Troldefos Ullvarefabrik i 1909. Ullvarefabrikken vart lagt ned i 1925.
Frå Holmedal til Cuba
Jensen braut tvert med verksemda i Holmedal ca. 1915, og enda sine dagar som arbeidar på sukkerplantasjar på Cuba! Etter segna fann Jensen det rettast å flytte frå Holmedal etter nokre kvinnehistorier, og det var ein kamerat som budde på Cuba som fekk han på trua om å reise dit, der han døydde av ein nyresjukdom.
|
Signaturen til Johan Jensen. |
Holmedalsgarden gjekk i 1920 til Anders Olsson Ålhus frå Jølster, og derfrå til slekta Helgheim.