I 1750 vart det fødd ein mann frå Heggjabygda i Eid kommune som skulle få ei fargerikt liv som soldat i Kongens klær – og som vart opphavet til stadnamnet Ivahavet – ei grunn vik i Deknepollen:
Åtvara kongen mot komplott
Som ung vart Iva (Iver) Ottesen Frislid utkommandert til militærteneste og hamna saman med ein sambygding i Kongens livgarde i København. Segna seier at dei to nordfjordingane skal ha åtvara kongen mot eit komplott som var sett i scene av dronninga og elskaren hennar, kongerådgjevar og greve Johann Freidrich Struensee. Struensee fall i unåde og vart avretta saman med ein medsamansvoren.
Miste farsarven
Men i København vart Iva alvorleg sjuk – så sjuk at kameraten sende brev heim til Heggjabygda om at Iva var død. Men han var nok for tidleg ute med meldinga: Iva friskna til att og drog heim for å få sin del av farsarven; berre for å oppdage at arven var delt. Bitter reiste Iva til Bergen, der vener rådde han til å gifte seg med ei velståande enkje i Deknepollen, Inge Monsdotter Uren. Det vert giftarmål, og Iva vart skysskaffar, og fekk dessutan i oppgåve å vere vardevakt for dei militære vardane kring Ulvesundet.
Grunnrik på sild
Ein gong seig det inn enorme mengder sild på den grunne pollen framfor garden til Iva i Pollja. Iva stengde av med ei not, og vart liggjande og ause sild i månadsvis til han ikkje orka meir. Iva vart grunnrik, og bukta har sidan vorte kalla Ivahavet.
Vitne til sjøslag
Ein av sønene til Iva heitte Rasmus. I 1810 var han til fjells og gjette for ulv.Der oppe fekk Rasmus orkesterplass til sjøslaget mellom norske marinebåtar og to engelske fregattar kring Osmundsvåg og Silda – slaget som seinare har vorte kalla ”Affæren ved Silden” (sjå dette under
Krigshistoria i Vågsøy).