Myklebust Meieri i Breim vart starta i 1876 av Jakob Myklebust. Dette vesle meieriet var det første meieriet i Nordfjord.
I første omgang var det i drift berre nokre år, men teke opp att i 1897.
Forutan dei store meieria på Sandane, Reed og Byrkjelo, har fylgjande smørmeieri og ysteri vore i drift i Gloppen kommune:
Eggedalen Meieri starta 1895.
Kandal Meieri og ysteri starta 1895.
Nedrebygdens Meieri starta 1895.
Hjelledalen Meieri på Hjelle starta 1897.
Indre Årdal meieri og Årdal Meieri starta 1897.
Rygg Meieri på Sørstranda starta 1897.
Nesjenes Meieri på Hestenesøyra starta 1900.
Øvrebygdens meieri starta 1903.
Hyen Ysteri.
Ommedal Ysteri i Austre Hyen.
Vestre Hyedalen Ysteri på Heimseter.
Rygg Ysteri.
På Sandane fekk Peder Solheim og kjøpmann Anton Skarstein starta eit lite meieri på slutten av 1880-talet, men dette vart lagt ned då
Gloppen og Bredheims Handelsforening starta meieri i 1893. Også meieriet på Rygg på Sørstranda vart lagt ned då handelsforeninga starta meieriet på Sandane, og bøndene organiserte køyrelag for frakt av mjølka fram til Sandane. Dette meieret var i drift til 1908, då Gloppen Meieri vart skipa.