SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kyrkjer i Aurland:

Riddarkappa på Flåms-altaret

Flåm kyrkje vart bygd i 1670. Byggmeister Magne Essen.

Publisert 09.01.2007 13:53. Oppdatert 30.01.2007 08:30.
Flåmskyrkja er rikt dekorert innvendig med måla akantusrankar på veggane både i kyrkjeskip og kor. Altartavla er frå 1600-talet og preikestolen frå 1667. Ei venesiansk riddarkappe frå 1300-talet er brukt som altarduk. Denne kappa som er voven i halvsilke med silke, lintråd og sølvtråd, skal vere den einaste av dette slaget i Noreg, og det er ikkje kjent korleis den har hamna som altarduk i Flåm – i litt omsydd form. Altarkalken og kyrkjeklokka er frå 1500-talet.

To kyrkjer

I Flåm stod det to kyrkjer i mellomalderen: Ei der noverande kyrkje ligg oppe i dalen, og ei på Fretheim nede ved fjorden. Den første stavkyrkja på Flåm er nemnd kring 1340. Ho vart riven i 1670. Kyrkja på Fretheim er nemnd i 1360 og kan ha vore eit privat kapell for folket på storgarden. Ein haug på Fretheim skal i 1902 ha vorte nemnt som ”Kyrkjehaugen”.

Kyrkja bles ned

Før dagens kyrkje stod ferdig på garden Flåm i 1670, vart det i 1668 sett opp ei kyrkje på Fretheim, men den bles ned i 1669.

Dans etter preika

I Flåm var det ikkje uvanleg i gamle dagar at det vart skipa til dans etter preika, og folk skjenkte seg godt av både brennevin og øl som vart selt i smug rundt kyrkja. I 1824 skreiv biskop Jacob Neumann at ”Sedeligheden i Urland prestegjeld ikke stod på nogen fast og sikker Fot. Nattesvermerie og Vaakestuer har slet Indflydelse på Moralen.” I 1826 rapporterte bispen at ”Sedeligheden syntes at være i ydderligere Forfald”. Dessutan rapporterer bispen om ”Nattesvermeri og Ridning om Natten til Stølen av vill og uregjerlig Ungdom, Dans og Støi paa Helligdage”.
Det har nok kome seg i 1838, for då skriv bispen i visitasmeldinga at ”Menigheden fortjener nu et bedre Skudsmaal i de moralske Forhold”, for no fann han mindre både av ”Ukyskhed og Drukkenskab” i Vang prestegjeld.


MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no