1868 var den verste ulukkesvinteren på Vestlandet. I alt 150 menneske miste livet i snø- og steinskred.
På garden Bringe i Luster gjekk det ei segn om at eit snøskred ein gong ville ta med seg det gamle klyngetunet. Difor flytta
Hans Arneson Urdahl i 1800 husa sine til Bringebøen. Med i 1868 var det nett hans tun storskredet råka: Fire menneske - to kvinner, ein mann og ei jente omkom.
Også på garden Nygård i Kinsedal miste fire personar livet denne vinteren då skreda tok tunet. Alle husdyra strauk med.
På husmannsplassen Endreheimen ved garden Li i Jostedalen miste to barn livet. På sjølve garden tok skreda med seg uthusa og alle husdyra. Stovehuset vart flytta ein meter ut av murane.
På Bergset omkom ein gut i snøras.
Også i Nordfjord og Sunnfjord var det store skredkatastrofar denne vinteren: På garden Tenden i Stryn strauk det med 24 menneske, i Stryn elles 11 menneske, og på Heggheim i Jølster omkom 14 menneske.