Våtmarkene i Kyllaren og Askvika
Aust for Askvoll sentrum ligg eitt av dei største våtmarksområda i Noreg. Ut mot fjorden i vest heiter det Askvika. Så smalnar det inn til ein 2,5 kilometer naturleg kanal som heiter Straumen. Midt i Straumen er det ei utviding som heiter Leira, og lengst nord ligg den grunne sjøpollen Kyllaren som er 1,2 kvadratkilometer lang. Rotningsprosessane i mudderet på sandstrendene fører ofte til at det boblar opp illeluktande gass frå dei grunne vikane.
|
Kyllaren. Foto: Arild Nybø |
I Kyllaren og Askvika er det registrert i alt 130 artar, derav 60 artar våtmarksfugl. Fleire av desse artane overvintrar der. M.a. er det registrert 17 andefuglartar, derav fire artar gås. Av vadefuglande er tjeld, vipe og myrsnipe dei mest talrike. Men ein har også registrert sjeldne polare artar som dverglo, tundralo, polarsnipe, dobbeltbekkasin, sotsnipe og gluttsnipe som mellomlandar her på trekket mellom sørlegare strok og tundraen ved Nordishavet.
Fordi våtmarkene er av vital betydning for m.a. vadefugl på trekk, vart heile våtmarksområdet frå og med Kyllaren til og med Askvika verna i 1991. Heile området blir no kalla Askvika våtmarksområde.
For bygdefolket har denne grunne "fjordarmen" aust for Askvika vore eit kommunikasjonsmessig hinder mellom Olset-området og Askvoll sentrum. Den første brua vart bygd over Straumen mellom Kyllaren og Askvika på 1880-talet, og over Askvika lengst sør-vest vart det etter mykje strid og interessekamp bygd veg over ei fylling i 1987. I fyllinga er det ei opning som skal sleppe sjøvatnet gjennom ved flo og fjære.
|
Kart over våtmarksområda ved Askvoll |
Sørværet fuglereservat
I tillegg til Askvika våtmarksområde er nokre småøyar og holmar sør for Værlandet verna som våtmarksreservat: I Sørværet naturreservat finn ein m.a. lyngheier og myrar som trekkjer til seg vadefuglar og andefuglar.
Sjøfuglreservata
I Sogn og Fjordane vart det i 1993 oppretta til saman 57 sjøfuglreservat. 15 av desse ligg i Askvoll kommune, og Askvoll er dermed den kommunen som har dei fleste reservata for sjøfugl i fylket: Dei tre viktigaste sjøfuglreservata i Askvoll er Moldvær, Ryggsteinen og Håsteinen lengst vest i havet ved Atløy. På Ryggsteinen og Håsteinen er det dessutan registrert mykje kobbe.
Dei andre 11 sjøfuglreservata i Askvoll er: Smelvær, Kuøyna, Svarteskjæret, Senholmen, Skardholmen, Kvitingane, Bunesholmane, Raudøy, Krokholmen, Kvannholmen, Flatøy og Prestholmen.