Gjestgiveriet vart drive som ein filial under gjestgjevaren i kremmarleiet Sauesund ( sjå
Handelsstaden og skysstasjonen Sauesund). Den første som er nemnd som landhandlar på Hindøy er Nils Bergersen (1796–1866). Han var fødd i Kvinnherad i Sunnhordland. I dei rike sildeåra var det mange frå Hordaland, særleg frå Sunnhordaland og Hardanger, som flytta oppover og bygde opp fiskemottak og handelshus i fiskeværa frå Bulandet og nordover til Kinn og Kalvåg. –Les meir om desse under Flora kommune og Bremanger kommune.
Fiskarhytter
Ute på dei vestlegaste øyane, som på Moldvær, Håsteinen og Ryggsteinen, hadde folk bygd små fiskarhytter der dei kunne overnatte når dei dreiv fiske der ute. Slik slapp dei slitet med å ro det tunge sjøstykket til og frå fiskefelta.
Spord bygde handelshus
Den som bygde Hindøy ut til eit større handelshus, var sersjant Peder Anderson Spord (1849–1910). Spord dreiv både fiskemottak, sildesalting og vanleg landhandel. Handelen heldt til på loftet i ei sjøbu på Hindøy. I Peder si tid kom det både postkontor (Atløen postopneri) i 1892 og rikstelefon til øya i 1906. Sonen Olav Spord heldt fram handelen då Peder A. Spord drukna i eit forlis på Hustadvika i 1910.
I 1910 bygde Kolbein Sætra ein krabbefabrikk på Hindøy.