|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Vik: Vik med postadresse ”Flesche”Vik fekk postopneri i 1844 med eige stempel ”Viig i Sogn” etter at Vik formannskap i 1839 sende sin første søknad om å få postopneri til bygda. Men postadressa for Vik hadde då i fleire år vore ”Flesche”, sjølv om postopneriet låg på Vikøyri. Publisert 08.02.2007 08:09. Oppdatert 23.04.2007 08:36.Forklaringa på denne ”namneforvirringa” var at då ein starta den rodde postruta inn Sognefjorden på slutten av 1700-talet, så var det naturleg at postsekken til midtre Sogn vart lesst av ved den gamle fute- og offisersgarden Flesje, like vest for Balestrand. Då Vikøyri ut på 1800-talet var i vokster samstundes som Flesje tapte si betydning, vart det meir naturleg å ro inn til Vikøyri med posten. Dette tideskiftet gjorde at regjeringa i 1844 avgjorde at ......”det paa Flesche oprinnelige oprettede Postaabneri, som i flere Aar hafer vært plasseret paa Vigøren, skal fra 1.10.1844 flyttes tilbage til Flesche, og nyt Postaabneri opprettes i Viigs prestegjeld”. Det er grunn til å tru at det har vore ein lokal drakamp mellom sør- og nordsida av fjorden kring dette statlege kompromisset.
- Les meir om dette under Balestrand kommune: Det første postkontoret kom på Flesje.
| I huset til høgre på biletet heldt postopneriet i Vik til frå 1930. Foto frå "Posthistorie frå Vik kommune. |
Den første kjende poststyraren i Vik var oberst Christen Christensen frå 1854. Poststempelet var ”Viig i Sogn” fram til 1848, då namnet vart endra til ”Vig i Sogn”, og frå 1889 til ”Vik i Sogn”. Vik vart underpostkontor i 1973, men fekk tilbake status som postkontor i 1974.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|