Det var telegrafpionéren framfor nokon på Vestlandet,
Jens Sigfred Hopstock som bygde lina, som i første omgang fekk 10 abonnentar.
Like etter kom den statlege telefondrifta inn i faste former, og i 1897 vart det bygd telefonline frå Lærdal og vestover til Sogndal, Leikanger og Balestrand. Også Eitorn vart då knytt til telefonnettet.
Omlag på same tid vart det bygd ei ekstra telegrafline mellom Oslo og Bergen i tillegg til den første som gjekk over fjellet frå Lærdal til Aurland og vidare til Bergen. Den nye lina gjekk Lærdal-Sogndal-Leikanger-Balestrand-Vik-Voss.
Telefonen i Leikanger vart automatisert på lokalnettet i 1972 og knytt til fjernvalnettet i 1978.
Eitorn
fekk rikstelefon i 1897. Telefonen vart automatisert i 1963, og bygda vart knytt til fjernvalnettet i 1978.
Hermansverk
fekk eigen rikstelefonstasjon i 1920. – Sjå elles Leikanger.