SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Bremanger:

Posten i Bremanger


Publisert 01.03.2007 08:47.

Smørhamn

fekk det første postopneriet i ”gamle” Bremanger kommune i 1858 – same året som Fylkesbaatane starta rutene sine. Handelsmannen i Smørhamn, Rasmus Andreas Henrikson Lexau, vart første styrar. Men dette ”Smørhavn” postopneri fekk kort levetid, for i 1860 overtok eit nytt postopneri i Kalvåg.

Davik

fekk postopneri i 1858 med sokneprest Christian Meyer som første styrar. Frå 1858 til 1889 vart postadressa skriven ”Davigen”, og frå 1889 til 1921 ”Daviken”. I 1973 vart det omklassifisert til underpostkontor og i 1977 til postkontor C.

Kalvåg

fekk postopneri i 1860 med Zakarias K. Frøien som første styrar. For resten av 1800-året var det sokneprest, lensmenn og lærarar som styrde postkontoret i Kalvåg. Heilt fram til 1920 hadde dette postkontoret i Kalvåg poststempelet ”Bremanger”. Bremangerpollen (sjå dette) postopneri overtok ”Bremanger” som postadresse først i 1922. Kalvåg postopneri vart underpostkontor i 1973 og såkalla postkontor C i 1977.

Rugsund

fekk postopneri i 1876 med handelsmann Thomas A. Friis som første styrar. Kontoret endra status til underpostkontor i 1973 og til postkontor C i 1977. Det vart lagt ned i 1998.

Bremanger

fekk postopneri i 1876 med handelsmann S. Flamer som første styrar. Heilt fram til 1922 hadde kontoret poststempel ”Bremangerpollen” fordi Kalvåg-kontoret la beslag på adressa ”Bremanger” heilt fram til 1920. I 1973 fekk kontoret i Bremanger status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C.

Bremangerpollen

– sjå Bremanger.

Kjelkenes

fekk postopneri i 1877 med Knud A. Kjælkenæs som første styrar. På poststempelet stod ”Kjælkenæs” fram til det vart endra til ”Kjelkenes” i 1889. Kjelkenes-kontoret tente lenge som postopneri for fleire bygdelag i ytre del av Gulefjordane etter kvart som dei lokale brevhusa der vart nedlagde. Kontoret på Kjelkenes vart lagt ned i 1994 og innordna under postadressa Svelgen.

Ålfoten

fekk postopneri i 1878 med Elias M. Vik som første styrar. Frå 1878 og fram til 1891 var postadressa ”Aalfot”, frå 1891 til 1917 ”Aalfoten” og sidan 1917 ”Ålfoten”. I 1973 vart det omgjort til underpostkontor, i 1977 til postkontor C og nedlagt i 1998.

Dombestein

fekk postopneri i 1887 med landhandlar Petter C. Wiese som første styrar. I 1889 vart stempelet endra frå ”Dombesten” til ”Domsten”, og to år seinare til ”Dombestein”. I 1895 vart postopneriet lagt ned.

Berle

fekk postopneri i 1888 med Helge Hauge som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Det vart lagt ned i 1994. Sommaren 1990 var det også laga eit eige poststempel for brevhuset ”Hornelen” i Berle.

Isane

fekk brevhus i 1892 med postadresse ”Isene i Davik”. Bygda fekk postopneri i 1895 med Ole T. Førde som første styrar. Fram til 1921 stod det ”Isene” på poststempelet. I 1968 vart kontoret lagt ned og innordna under Davik.

Botnane

fekk postopneri i 1896 med Ole Mikal A. Sørbotten som første styrar. Fram til 1921 var postadressa ”Botnene”. I 1973 vart det omgjort til underpostkontor, i 1977 til postkontor C og nedlagt i 1994 og innordna under Svelgen.

Hennøystranda

Hennøen brevhus vart skipa i 1898. Det vart lagt ned i 1906, og i staden kom ”Hennøstranden” postopneri med lærar B.E. Torheim som første styrar. I 1921 vart namnet endra til ”Hennøystranda”. Det fekk status som underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977. Kontoret vart lagt ned i 1991. Dei store sesongfiskeria i Frøysjøen på slutten av 1800-talet gjorde at ein mellombels skipa eit ”Henø” postopneri som var i funksjon frå desember 1886 og fram til 15. januar 1887.

Skatestraumen

fekk brevhus i 1898. Dette vart omgjort til postopneri i 1906 med Han J. Klubben som første styrar. I 1921 vart namnet endra frå ”Skatestrømmen” til ”Skatestraumen”. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 postkontor C. Det vart lagt ned i 1998.

Rugsund brygge

fekk brevhus i 1908. Dette var ei spesialordning for dei som budde kring det gamle kremmarsetet som ligg på vestsida av Rugsundstraumen. Sjølve postopneriet ”Rugsund” låg på den landfaste sida. I 1928 vart postadressa endra til ”Rugsundøy”.
Brevhuset vart lagt ned i 1981 og innordna under Rugsund.

Rylandspollen

fekk brevhus i 1908. Det vart lagt ned i 1919 og bytt ut med eit postopneri der dampskipsekspeditør Kristian Ryland var første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1967 og innordna under Bremanger.

Bortnen

fekk brevhus i 1915. I 1933 vart adressa endra frå ”Bortne” til ”Bortnen”. Brevhuset vart lagt ned i 1987.

Leirgulen

fekk brevhus i 1916. Det vart lagt ned i 1946.

Svelgen

fekk postopneri i 1918 med gardbrukar Per B. Rise som første styrar. I 1979 fekk det status som postkontor C.

Novelandet

fekk brevhus i 1922 med poststempel ”Nåvelandet”. I 1933 vart dette endra til ”Novelandet”. Brevhuset vart lagt ned i 1967.

Iglandsvik

på Bremangerlandet fekk brevhus i 1932. Det vart lagt ned i 1962 og innordna under Bremanger.

Elde

fekk brevhus i 1938 med poststempel ”Eldebygda”. Det vart lagt ned i 1965 og innordna under Rugsund.

Dyrstadgrend

fekk brevhus i 1939. Det vart lagt ned i 1975 og innordna under Kjelkenes.

Nesbø

fekk brevhus i 1942 med poststempel ”Nesbøstrand”. I 1943 vart dette endra til ”Nesbø”. Det vart lagt ned i 1975 og innordna under Kjelkenes.

Endal

fekk brevhus i 1946, og i nokre veker hadde det poststempelet ”Endalsgrend”. Dette vart endra til ”Endal i Nordfjord”. Det vart lagt ned i 1968 og innordna under Davik.

Sørgulen

fekk brevhus i 1948. Det vart lagt ned i 1977 og innordna under Kjelkenes.

Indrehus

fekk brevhus i 1950. Det vart lagt ned i 1969 og innordna under Kjelkenes.

MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no