Hundeide fekk postopneri i 1841 i samband med at det vart starta ei ny ”bipostrute” som kom frå Rebakken i Breim og ut til Ryssfjæra.
Nordfjordeid
- sjå
Første postkontoret kom på Hundeide.
Hundeide
– sjå
Første postkontoret kom på Hundeide.
Naustdal
fekk postopneri i 1868 med Paul Paulsen Nøstdal som første postopnar. Styrarvervet vart verande i same slekta i over 100 år. Dei første åra var postadressa til dette postopneriet ”Starem”, men dette vart i 1883 endra til ”Nøstdal i Nordfjord”. I 1891 vart det endra til ”Naustdal i Nordfjord”. Postopneriet vart lagt ned i 1970 og innordna under Nordfjordeid.
Stårheim
fekk postopneri i 1883 med landhandlar Rasmus D. Halvorsen som første styrar. Han bygde eige posthus ved handelssetet og dampskipskaia i Stårheimsvik. Samstundes vart det tidlegare ”Stareim postopneri” i nabobygda Naustdal endra til postadressa
”Nøstdal i Nordfjord”. Postkontoret på Stårheim er lagt ned og innordna under Nordfjordeid.
Kjølsdalen
fekk postopneri i 1892 med Johan Hallstensen Kjøllesdal som første styrar. Fram til 1921 var postadressa ”Kjøllsdalen”. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Postkontoret er lagt ned og innordna under Nordfjordeid.
Holmøyane
fekk postopneri i 1897 med skulestyrar Ole M. Holmø som første styrar. Postadressa var då ”Holmøiene”, og kontoret fekk levert posten tre gonger i veka med dampbåten ”Dølen”. I 1921 vart namnet på postopneriet endra til ”Holmøyane”. I 1973 vart det underpostkontor, og i 1977 såkalla postkontor C. Postkontoret vart lagt ned i 1997.
Heggjabygda
fekk postopneri i 1897 med namnet ”Heggebygden” og med gardbrukar Mathias T. Heggen som første styrar. Det var dampbåten ”Dølen” som frakta posten ut til bygdene kring Hornindalsvatnet. Namnet vart endra til Heggjabygda i 1921. Postopneriet vart lagt ned i 1965.
Hennebygda
fekk postopneri i 1900 med Mads J. Henden som første styrar. Poststempelet fram til 1921 var ”Hennebygden”. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Det vart lagt ned i 1981 og innordna under postadressa ”Lote”.
Sørland
fekk brevhus i 1901 med namnet ”Mørkesæter”. Namnet vart endra til ”Sørland” i 1907. Brevhuset vart lagt ned i 1980 og innordna under Nordfjordeid.
Lote
fekk brevhus i 1901 med adressa ”Lote i Gloppen”. Det endra status til postopneri i 1908 med Anders M. Lothe som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1995.
Nor i Nordfjord
fekk postopneri i 1912. Det var Jakob Nord som hadde ekspedisjonen for dampbåten ”Dølen” i vestenden av Hornindalsvatnet, som vart første postopnar. Postopneriet vart lagt ned i 1960.
Navelsaker
fekk brevhus i 1913. Det vart lagt ned i 1966.
Bjørlo
fekk brevhus i 1914. Det vart lagt ned i 1925.
Lefdal
fekk brevhus i 1922, med adresse ”Lefdal i Nordfjord”. I 1930 vart det omgjort til postopneri med poststempel ”Levdalsbygda”. Det vart lagt ned i 1970 og innordna under Bryggja.
Haus
fekk brevhus i 1927 med Olav Haus som styrar. Det vart omgjort til postopneri i 1938 med ektemaken Karoline (Kalla) Haus som styrar. Kontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977, og lagt ned og innordna under Kjølsdalen i 1981.
Torheim
postopneri vart skipa i 1943 med Sverre I. Torheim som første styrar. Det vart lagt ned i 1971 og innordna under Nordfjordeid.
Hunvik
fekk brevhus i 1960. Det vart lagt ned i 1974 og innordna under Nordfjordeid.