SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Helsestellet i Eid:

Distriktslegane i Eid

I 1802 vart Chr. Bonning Uchermann tilsett som den første distriktslegen i Sogn og Fjordane.

Publisert 01.03.2007 10:42.
Han busette seg på Faleide i Stryn og skulle tene både Nordfjord og Sunnfjord, samt deler av kommunane Solund og Hyllestad i ytre Sogn som den gongen høyrde til Askvoll kommune.

Helselaus av strabasane

Uchermann var ein ihuga mann som mang ein gong våga livet på reiser i det enorme distriktet, og han vart til slutt blind og helselaus av strabasane. Tanken var at indre Sogn skulle få eigen distriktslege samstundes med Uchermann, men her gjekk det lengre tid før nokon vart tilsett.

Cammermeyer først på Nordfjordeid

I 1838 vedtok Regjeringa å dele Fjordane i to distriktslegedistrikt – eitt for Nordfjord med legen plassert på Nordfjordeid, og eitt for Sunnfjord med legen plassert på Leitet i Fjaler kommune. Johan Wiiding Heiberg Cammermeyer vart den første distriktslegen plassert på Nordfjordeid. Han fekk kontor i Thyvold-huset på Skårhaug.
I 1857 vart legedistrikta på nytt delte – denne gongen i åtte distrikt: I Nordfjord med eitt indre for Gloppen, Innvik, Stryn og Hornindal kommunar, og i midtre og ytre med
kommunane Eid, Davik, Bremanger og Selje - som då omfatta Vågsøy.

I 1867 skilde Eid kommune lag med kommunane Selje og Davik og vart eige legedistrikt. Ved hundreårsskiftet var det 14 distriktslegar i Nordre Bergenhus amt, plasserte på
Faleide ved Stryn, Sandane, Nordfjordeid, Måløy, Førde, Florø, Leitet (Fjaler), Eivindvik, Lavik ,Vadheim, Vik, Sogndal, Luster og Lærdal. I tillegg tilsette fleire kommunar eigne kommunelegar kring hundreårskiftet. I 1906 var det i alt sju kommunelegar; i Bremanger, Kinn, Askvoll, Balestrand, Leikanger og Aurland.

Villa med legekontor

I 1896 kjøpte distriktslege Jakob Wilhelm Rummelhoff ein villa like ved Eid kyrkje frå lensmann N. Oppen. Her innreidde han legekontor. Seinare kjøpte kommunen huset, og distriktslegen hadde kontor i denne bygningen heilt til det vart flytta over i Eid rådhus.

Legemangel

gjorde at overlege Hans Chr. Wennevold ved Nordfjord Sjukehus i lange bolkar måtte tene som distriktslege i Eid ved sida av arbeidet ved sjukehuset.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no