|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Stryn: Vegen på nordsida av fjorden | Utsikt frå vegen Hopland-Hennebygda. Foto: Margot Fjellkårstad |
Fylkesvegen frå Faleide til Lote vart fullførd i 2005. Dei mange storslagne utsiktspunkta på vegen gjer at den i turistreklamen vert kalla ”Panoramavegen”. Publisert 08.03.2007 12:52. Men det skulle gå nærare 90 år frå dei første vedtaka om vegsamband mellom Faleide og Nordfjordeid via Lote vart gjorde og til heile veganlegget stod ferdig. Alt i 1916 gjorde kommunestyra i Innvik og Gloppen vedtak om at vegen måtte byggjast, men lite vart gjort. I 1937 gav fylkestinget prosjektet førsteprioritet, utan at det vart fylgt opp med tilsvarande løyvingar.
Etappevis byggingI staden konsentrerte Innvik kommune og seinare storkommunen Stryn seg om å gje bygdene utover til Randabygda og Hopland vegutløysing austover: I 1927 vart det bygd veg frå kaia på Hopland og opp til Hoplandstunet, og i 1928 kunne ein opne samanhengande veg frå Blakset i aust og ut til Nos. I 1947 vart vegen frå Hopland forlenga opp på høgda til Tvinnereim.
Samanhengande veg til RandabygdaI 1959 var Blaksettunnelane på 506 og 125 meter ferdige, slik at det lokale vegnettet på Nordsida fekk vegsamband mot Faleide og Stryn. I 1965 var Nostunnelen på 1155 meter ferdig, slik at også Randabygda, Tvinnereim og Hopland vart kopla inn på vegen mot Stryn.
Lote-HennebygdaFrå vestsida hadde Lotetunnelen opna i 1966, og veg frå Lote til Hennebygda vart opna i 1980. Men framleis stod fem kilometer mellom Hennebygda og Hopland att. Etter sterke lokale krav gjekk fylkestinget i 2001 inn for bygging av dette siste vegstykket som vart opna i 2005. Dermed var det samanhengande vegsamband mellom Stryn og Nordfjordeid via Lote – 89 år etter at vegkravet første gong vart reist.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|