O.K. Henden var mellom dei første som starta sal av bilar i Sogn og Fjordane då han vart agent for Ford i 1926. Henden hadde også bensinstasjon og bilverkstad, og dreiv i tillegg som drosjesjåfør og sjåførlærar.
Volvo-forhandlar
Frå 1945 vart han importør og forhandlar av Volvo, etter å ha sagt opp Ford-agenturet.
Bror til Olav K. Henden,
Rolv Henden, var direktør i Firda Billag. Han spela ei sentral rolle då det vart starta bussfabrikk på Sandane i åra etter 2. verdskrig. Firda Billag var stor kunde hjå Sandane Karosserifabrikk. Men då rutebilselskapa i Sogn og Fjordane på 1960-talet freista å samarbeide om å få bygd ein felles bussfabrikk, tapte Rolv Henden kampen for å få fabrikken til Sandane. I staden vart Vest Karosseri lagd til Stryn i 1965.
Deling av forretninga
Sønene til O.K. Henden, Kristen Henden og
Arne Henden, tok over sports- og bilforretninga i 1958. Dei to brørne dreiv først i felleskap, men frå 1968 vart det delt slik at Kristen eigde sportsforretninga og Arne tok Volvo-agenturet. Arne Henden bygde etter kvart opp Volvo-avdelingar i Førde og Sogndal, i tillegg til hovudavdelinga på Sandane. I 1981 flytta Hendens Bilforretning inn i nye lokale i Mona på Sandane. Men i 1984 gjekk bilfirmaet konkurs, og nye eigarar tok over anlegga under firmanamn SF Auto. I 2005 kjøpte Frydenbø Bilsenter i Bergen Volvo-forhandlaren SF Auto på Sandane og i Sogndal.
Eige flyselskap
I 1957 starta Arne Henden det første flyselskapet i Sogn og Fjordane –
Fjordfly. Dette dreiv m.a. avis- og ambulanseflyging. I dei første ”oljeåra” i Nordsjøen satsa Arne Henden med Fjordfly sterkt på transport av oljearbeidarar mellom Noreg og Stortbritannia, men kom i økonomiske vanskar og gjekk konkurs i 1975. Firdafly vart reist på ruinane etter Fjordfly.
Sportsforretninga til Henden-familien i Sandane sentrum vert framleis driven under firmanamnet O.K. Henden A/S.