SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Den trondhjemske Postvei i Fjaler

Ved sida av Kongevegen over Filefjell vart Den trondhjemske Postvei den første skikkelege køyrevegen i Sogn og Fjordane då den vart bygd på slutten av 1700-talet.

Publisert 23.03.2007 12:03.
Den trondhjemske Postvei vart bygd gjennom Sogn og Fjordane frå 1780 og til 1806 etter ein plan som vart utarbeidd av vegløytnant Christian Junghans og postkanselliråd Jens Schanche i 1775. Postruta Bergen-Trondheim vart opna som landpostrute i 1785, med postføring ein gong i veka, og med sju postopneri frå starten. Postopnarane hadde hovudansvaret for postomdelinga innan sine ruteavsnitt. Mellom postopneria låg det såkalla postgardar som hadde ein meir underordna rolle.

Pliktarbeid og rodar

Mykje av postvegen vart bygd som ein brukbar køyreveg for hest og kjerre. Arbeidet med bygging og vedlikehald vart utført som uløna pliktarbeid av bønder og husmenn. Kvart arbeidslag fekk tildelt ansvaret for eit visst vegstykke – rode – som var merka med rodesteinar i kvar ende. På same måte som skyssplikta som var pålagd småkårsfolket, skulle arbeidsplikta på vegane gå framfor alt anna arbeid. Vegarbeidet gjekk oftast føre seg om sommaren når folk var opptekne med slåtten, og var difor ei svært upopulær ordning når dei måtte sleppe det som dei hadde i hendene og ofte dra milevis avgarde for å veglikehalde postvegane.

Offiserskupp for vestleg veg

Mellom Sogn og Sunnfjord gjekk vegen frå Leirvik over Skor til Espedal, Rennestraum og Flekke i Fjaler, og derifrå fram til skysstasjonen Tross i Dale sentrum. Herfrå vart post og reisande rodde med båt til Sveen i Bygstad (sjå Gaular kommune), og derifrå vidare over Langeland til Førde.
Det var eit ”kupp” frå sjefen for Vestre yttre Sognske Compagnie, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck, som førde til at denne viktige nord-sør-vegen vart bygd så langt vest, og ikkje via Vadheim. Opphaveleg var det nemleg tanken at postruta skulle bli ført over Sognefjorden frå Rutledal til Nesse på nordsida. Derifrå skulle posten gå til Leirvik, opp Lavikdalen og ned til Torvund lengre inne ved Sognefjorden, og så derfrå til Vadheim og nordover til Førde nokolunde etter den lina som europavegen fylgjer i dag. Men kaptein Holck, som budde i Leirvik, hadde rett til å kome med fråsegn til vegplanen. På 1700-talet hadde militærvesenet vel så mykje dei skulle sagt om lineval for nye vegar som både postvesen og anna embetsverk til saman. Kaptein Holck viste til at det var trong for vegsamband mellom eksersisplassane i Leirvik og Dale, og greidde med argumenta sine å overtyde styremaktene om at lina Leirvik-Flekke-Dale var den rette. Dermed vart Vadheim-lina vraka, og arbeidet med Den trondhjemske Postvei frå Leirvik til Dale starta i 1802.
På strekninga Rennestraum- Skor gjekk denne første postvegen på vestsida av Hovlandsvatnet. I åra 1882–1885 vart vegen lagd om slik at den gjekk på austsida av vatna på strekninga Skor-Rennestraum. Vegen om Espedal på vestsida vart omklassifisert til rideveg.

Tross var skyssbyte

Postvegen på strekninga Leirvik-Førde fekk skysstasjonar i Leirvik, Systad, Skor, Flekke, på Tross i Dale, Sveen i Bygstad og på Langeland. Mellom gjestgjevarstaden Tross og Sveen vart posten førd med robåt.
Men alle såg at denne ruta var meir tungvint enn å føre posten om Vadheim, og det gjekk ikkje mange åra før ein la om ruta.
Då vegen Vadheim-Førde vart bygd i 1837, avløyste den postvegen Leirvik-Dale som hovudveg mellom Sunnfjord og Ytre Sogn. Den gamle "Trondhjemske" vart offisielt lagd ned som postveg i 1868 og hovudposten send med dampbåt langs kysten. Skysstasjonane på den gamle ruta vart likevel haldne oppe til 1876.

Postvegen vart riksveg

Med utgangspunkt i postvegen vart vegen mellom Leirvik og Flekke gradvis utbetra og omlagt til bilveg i tida frå 1895 til 1935. Det vart m.a. bygd ny veg Nautsund-Skor i 1897, og med nye utbetringar vart det i 1938 mogeleg å køyre med bil heile året mellom Leirvik og Skor. Vegen nordover frå Rennestraum til Dale var prega av at den hadde vorte bygd som kjerreveg, og det var først i 1935 at den var skikkeleg omlagd og utbetra for biltrafikk.
Kring 1980 vart den gamle postvegen restaurert og merka med skilt. Ingemar Nordstrand gjorde ein stor innsats for vern og merking av den gamle postvegen gjennom Sogn og Fjordane.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no