|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Flora: Fiskefirmaet Ploug & SundtI dei store sildeåra frå 1811 og fram til det vart svart hav att tidleg på 1870-talet, var det mange fiskefirma frå andre delar av vestlandskysten som bygde mottaksanlegg og salteri i Kinn og Florø. Publisert 11.04.2007 13:46. Det same hende på øyane i Bremanger. Dei tilreisande byborgarane bygde ei mengd større og mindre saltebuer, og var dominerande på stader som Fanøyvågen, på Skorpa, på Tansøy og i Veisundet.
SildesalteriEin av dei største aktørane i desse rike sildeåra var eitt av dei store handelshusa i Stavanger, Ploug & Sundt. I Båsundet på øya Skorpa bygde Ploug & Sundt midt på 1800-talet opp store buer og andre anlegg for sildesalting. Sildesalteriet i Båsundet skulle vere det største salteriet i Kinn kommune og var 45 meter langt. Framleis kan ein sjå rekkjer av murte steinkar som dei store sjøhusa på begge sider av Båsundet var bygde på.
Gjekk frå telegrafgarantiI 1863 vart det installert fiskeritelegraf i Båsundet, og Ploug & Sundt garanterte for drifta. Firmaet gjekk frå garantien i 1871 då silda svikta, og stasjonen vart lagd ned. Truleg trekte stavangerfirmaet seg ut av Kinn nokolunde samstundes.
Frakta emigrantarPloug & Sundt var eit selskap som også slo seg på transport av europeiske emigrantar til Amerika frå 1860-talet og utover. Det store handelshuset vart råka av krisa i skipsfarten kring 1880 og gjekk konkurs i 1883.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|