SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Flora:

Fylkesbaatrutene

Den øyrike og oppdelte Flora kommune har truleg "fylkesrekord" i tal stoppestader for
Fylkesbaatane: Kring 1920 hadde Fylkesbaatane i alt 186 stoppestader, og av desse låg 19, eller godt over tiandeparten, i noverande Flora storkommune.

Publisert 16.04.2007 12:50.

Rutesenteret Florø

Florø vart stoppestad for Fylkesbatane frå dei vart skipa i 1858 Etter kvart som det lokale rutebåtnettet innover fjordane vart organisert, vart Florø ei av dei viktigaste hamnene til Fylkesbaatane. Frå ca. 1878 til midt på 1960-talet nytta Fylkesbaatane den såkalla Fylkeskaia midt i byen til ekspedisjonskai. Frå 1914 til 1967 var det firma Hopen & Solheim (skipa av Karl Hopen og Simon Solheim) som ekspederte båtane på Fylkeskaia.
Frå midten av 1960-talet har Fylkesbaatane halde til på Fugleskjærskaia. Det gjorde også ferja Florø-Smørhamn og dei mange hurtigbåtrutene som trafikkerer øyane
i Flora m.a. med skuleskyss.
Fylkesbaatane starta ekspressbåtruter i 1970. Ekspressbåten Bergen-Nordfjord legg til ved Fugleskjærskaia.

Kinn

er teke med i eit oversyn over stoppestader for Fylkesbaatane i 1868. Frå 1890-talet vart Kinnesund trafikkert av dampskipet ”Balder”. I 1913 vart ekspedisjonen flytta til Rognaldsvåg på austsida av Kinnasundet, på øya Reksta.

Kinnasundet

– sjå Kinn.

Rognaldsvåg

– sjå Kinn.

Kvalstad

på Svanøy fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1868. Seinare vart stoppestaden Svanøybukt. Den same namneendringa kom for postkontoret på øya.

Svanøybukt

– sjå Kvalstad.

"Hornelen"-forliset ved Svanøy

I romjula 1915 forliste d/s "Hornelen" då han støytte på eit skjer ved Svanøy og sokk. Båten kom i rute frå Førde og hadde 27 passasjerar ombord då den gjekk på skjeret ved innseglinga til Svanøybukt. Båtsmann Ole Stien frå Eivindvik i Gulen omkom. 12 av passjerarane vart berga av ein lokal robåt, medan resten av passasjerar og mannskap hamna i den iskalde sjøen, og måtte stå på eit lite skjer til rutebåten "Balder" kom til og berga dei.

Tansøy

fekk rutestopp i 1868, og vart kopla inn på ei nordfjordrute i 1877.

Eikefjord

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877. Bygda vart saman med Svortevik og Florø kopla inn på ei rute til Nordfjord.

Svortevik

fekk stjernestopp i 1877 og vart fast stoppestad i 1890. Dei første åra vart fylkesbaaten borda på sjøen ute ved holmane. I 1912 fekk Svortevik kai.

Batalden

fekk rutestopp i 1887. Truleg var dette ein ekstra rutestopp i samband med fisketransport. Frå slutten av 1890-talet fekk øya faste ruter av rutebåten Balder, og frå 1903 vart Batalden teken opp i vinterrutene.

Hopen

i Høydalsfjorden fekk rutestopp i 1887, og som såkalla stjernestopp frå 1890.

Norddalsfjorden

fekk rutestopp frå 1892, då rutebåten ”Balder” tok ein tur i veka. Norddalsfjordruta vart utvida med ein ekstra tur i veka i 1904, men krav om fleire ruter enn desse to vart ikkje innfridd.

Skorpa

fekk rutestopp frå ca. 1893 og kom med fast på rutenettet i 1900.

Stavang

fekk rutestopp tidleg på 1890-talet. I 1894 finn vi Nicolai Haave som ekspeditør.

Leversund

ved Eikefjorden fekk rutestopp i 1893.

Hovden

- også kalla Hovdevåg - kom inn som stoppestad på lokalruta som vart sett opp med dampskipet D/S ”Balder” på slutten av 1890-talet. Balderrruta gjekk mellom Florø og Bremanger og øyane i Kinn.

Haukåsund

fekk rutestopp i 1898. Rutene dit vart avvikla då ferjestrekninga Haukå-Bjørnset vart starta i 1966 i samband med vegopninga mot Svelgen.

Barekstad

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1899.

Litle-Høydal

fekk rutestopp i 1900. Frå 1940 og til nokre år etter krigen hadde også Store-Høydal rutestopp av den lokale fylkesbaatruta i Høydalsfjorden.

Store-Høydal

– sjå Litle-Høydal.

Holmesund

fekk såkalla stjernestopp på rutene i Høydalsfjorden frå 1900, og fekk like etter status som faste stoppestad.

Nyttingnes

fekk såkalla stjernestopp på båtrutene i 1911, og vart litt seinare fast stoppestad.

Barlindbotn

fekk rutestopp frå 1914.

Osen

i botnen av Høydalsfjorden fekk rutestopp på 1950-talet.

Bjørnset og Haukå

hadde ferjekaier frå Magnhildskartunnelen og sambandet til Svelgen opna i 1966 og til Norddalsfjordbrua gjorde ferjestrekninga overflødig i 1987.

MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no