|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Førde: Langebrua oppkalla etter handelsmann | Langebrua. Foto: Kjell Arvid Stølen |
I dag knyter tre store bruer og ei gangbru sambandet over elva Jølstra i Førde sentrum. Men heilt fram til 1986 var det Langebrua som knytte sørsida saman med nordsida. Publisert 09.05.2007 08:51. Oppdatert 10.05.2007 15:02.Ferjemann på HafstadPå Hafstad i Førde var det gjestgiveri frå 1772 og skysstasjon frå 1793, og husmannen Anders Olson Hafstad hadde arbeidet som ferjemann - (d.v.s. rorskar) over elva Jølstra mellom Hafstad og Skorpa på nordsida før det vart bygd bru i 1836. Landfestet for den gamle ferjestaden kan framleis sjåast på nordsida, omlag 100 meter ovanfor noverande Langebrua.
Opphavet til brunamnetSjølv om elva Jølstra er brei på den staden der Langebrua er bygd, så er det ikkje lengda som har gjeve namnet til Langebrua: Den første Langebrua som vart bygd i 1836, fekk namnet sitt etter den danskfødde handelsmannen Hans Christian Lange (1811-1887). Han hadde starta butikk på Skorpa på nordsida av elva i 1830. Saman med lensmann Johannes Falch (1792-1855) på garden Falkenstein tok Lange initiativet til at den første brua over Jølstra vart bygd i 1836, og brua vart raskt heitande Langebrua etter kjøpmannen på Skorpa. Langebrua vart rasert av flaum i 1851. Ei ny bru stod ferdig i 1856, og denne vart på nytt teken av flaum i 1922.
Gjenbruk av Langebrua i SolundEi ny Langebru i stål vart opna i 1925, og vart i 1963 avløyst av noverande Langebru i betong. Den gamle stålbrua vart skrudd frå kvarandre og sett opp att over Rørdalsfjorden i Solund. Der går den inn i vegsambandet frå Hardbakke til Ytre Steinsund.
Tre nye sentrumsbruerEndå ei ny riksvegbru i Førde sentrum, Storehagen bru, vart opna i 1986, og i 1999 opna ei gangbru mellom Festplassen og Hafstad vidaregåande skule. Ny bru frå europavegen på Kronborg og over Jølstra til sentralsjukehuset på Vie vart opna i 2002. På grunn av flaumfåren i Jølstra vart denne brua bygd på pelar langt innover land, slik at opninga under brukonstruksjonen vart stor nok til å ta unna vatnet dersom det kjem storflaum i elva.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|