SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Førde:

Telefon i Førde

sigrid husum på Førde Telegrafstasjon i 1915.
sigrid husum på Førde Telegrafstasjon i 1915.

Publisert 10.05.2007 14:30. Oppdatert 10.05.2007 14:41.

Første telegrafen

I 1866 vart det bygd telegrafline frå Postvåg ved Fensfjorden i Gulen til Rutledal ved Sognefjorden. Derifrå vart det lagt sjøkabel over Sognefjorden til Leirvik. Frå Leirvik fylgde telegraflina same trasé som Den trondhjemske Postvei til Førde. Tanken var å byggje telegraflina vidare til Ålesund, men den stoppa i Førde. Frå Førde vart det bygd telegrafline til Florø, slik at den såkalla "fiskeritelegrafen" fekk samband til landsnettet. Fiskeritelegrafen i ytre Sunnfjord var nokre år tidlegare bygd mellom Florø og fiskeværa omkring som eit internt meldingssystem som var til stor nytte under det rike vårsildfisket som gjekk føre seg på sunnfjordkysten fram til 1870.
I 1869 vart det bygd telegrafline sørover frå Ålesund som knytte fiskeværa Måløy (Moldøen) og Kalvåg til landsnettet.

Førde vart telesenter i fylket

Førde var tidleg ute med eigen telegrafstasjon, og staden utvikla seg etter kvart til eit administrasjonssenter for teletenestene i Sogn og Fjordane. I ein periode frå 1975 til 1993 hadde Førde teledistrik ansvaret for alle teletenester samt alle radio- og fjernsynsstasjonar i heile fylket.

Privat telefondrift i Førde

Førde fekk eigen telegrafstasjon i 1875 med Agnes Bader (1835-1909) som styrar. I 1893 fekk Førde ein lokaltelefonstasjon. Stasjonen var i privat drift av Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab fram til det meste av eignelutane til selskapet vart løyst inn av Telegrafverket i 1905. Truleg låg telefonstasjonen for dette private telefonselskapet ei tid ved dampskipskaia på Steinen. Sønd og Nordfjord Aktietelefonselskab var eitt av fleire private telefonselskap som bygde ut telefonnettet i Sogn og Fjordane før det statseigde Telegrafverket tok over.
Telefonsentralen i Førde heldt i mange år til i ”Gamlebanken” ved Kyrkjevegen, og flytta til Førde Sport-bygget på sørsida i 1955.
I 1902 vart Førde knytt til rikstelefonnettet, og stasjonen saman med dei næraste småstasjonane, vart automatisert i 1973.

Fylket var eige teleområde

Mykje av teleadministrasjonen i fylket vart etter kvart samla i Førde, og fylket vart eige teleområde - Førde teleområde - i 1975. Administrasjonen og planavdelingane heldt til i
det store forretningsbygget til entreprenørselskapet G&F. Hjelmeland på Øyrane, der Lotteritilsynet seinare flytta inn.
I 1993 vart Sogn og Fjordane nedlagd som eige teleområde og slege saman med Bergen/Hordaland til Bjørgvin teledistrikt som fekk hovudsete i Bergen.
Dette førde til sterk nedbemanning ved kontoret i Førde.
Telesjefar for Førde teleområde 1975-1993 var Håkon Flåten, Rolf Køste og Kåre Sundquist.

Holsen

fekk rikstelefon i 1902. Telefonen vart automatisert i bygda i 1975.

Bruland og Sunde

fekk rikstelefon i 1919. Stasjonen låg først på Bruland, men vart flytta til Sunde i 1931.

Mo

fekk rikstelefon i 1913.

Ervik

fekk truleg telefonsamband i 1917, og rikstelefonsamband i 1926. Stasjonen vart lagd ned i 1973.

Haukedalen

fekk rikstelefon i 1919. I Haukedalen var det i alt tre telefonstasjonar: Gjerland, Haukedalen og Hårklau.

Angedalen

fekk rikstelefon i 1927. I Angedalen var det telefonstasjonar både på Tefre fremst i dalen, på Furebø midt i dalen og på Indrebø inst i den halvanna mil lange dalen.

Solheimsdalen og Fauske

fekk rikstelefon i 1937. I Solheimsdalen låg telefonstasjonen på Karstad. Stasjonen vart lagd ned og automatisert i 1973.


Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no