Skorpa er det området av Førde sentrum som ligg der Sogn og Fjordane Sparebank og Sunnfjord Hotell ligg i dag. Det var dette området som først tok opp tevlinga med Sjøahola om handelen i Førde, og her kom også det første store hotellet.
På 1830-talet kom københavnaren
Hans Chr. Fredrik Lange(1811-1887) frå Salbu i Hyllestad til Førde og starta landhandel på Skorpa.
Lange dreiv også overnatting. Saman med lensmann Falch fekk han bygd Langebrua i 1836, og det er etter kjøpmann Lange av brua har fått namnet sitt. Langebrua avløyste
ei enkel ferjeordning for dei som skulle over elva, og gjorde det samstundes mykje lettare å kome seg til kjøpmannen for alle dei som budde på sørsida av Jølstra – heilt oppover til Sunde og Masdalen.
Då Lange flytta tilbake til Salbu i 1854, overtok Georg Schultz (1808-1865) forretninga i Førde. Schultz dreiv også ei tid landhandel i ei sjøbu som han bygde ved Jølstra, like vest for Hafstad Hotell. Schultz gjekk konkurs i 1865. Schultzbua på Hafstad vart seinare betre kjent som ”Flatenbua” fordi Anders Flaten (sjå denne under
Kjende personar i Jølster fødde år 1850-1900) frå Jølster dreiv handel i denne bua i mange år.
Sivertsens Hotell
Då Georg Schultz døydde i 1865 vart eigedomane hans på Skorpa selde på auksjon til Reinhart (Reinert) Steen Sivertsen (1833-1893), medan Gunnar H. Hafstad, som seinare bygde Hafstad Hotell, kjøpte Schultzbua på sørsida av elva. Før Reinhart Sivertsen kom til Førde, hadde han drive handel og gjestgiveri i Utvik frå 1856 til 1858, og frå 1858 til 1866 med handel i Osen i Bygstad. Reinhart Sivertsen bygde eigedomen på Skorpa vidare ut med både landhandel, bakeri og hotell. Sivertsen dreiv også filial ved dampskipskaia på Steinen og hadde sildesalteri i Kinn.
På 1890-talet var Sivertsens Hotell bygd mykje ut, og husa m.a. telegrafstasjonen i Førde.
Sonen til Reinhart Steen Sivertsen, Berent Sivertsen (1865-1935), dreiv både hotell og dei andre verksemdene vidare, medan sonen hans - Reinhart Sivertsen jr. ( 1896-1982) la ned landhandelen og reindyrka hotelldrifta.
Hotellet vart husmorskule
Tyskarane okkuperte Sivertsens Hotell under krigen, og hotellet vart etter krigen leigd ut som husmorskule fram til skulen flytta inn i nybygg på Prestebøen i 1957. Familien Roksvåg leigde Sivertsens Hotell og dreiv det som kafé og pensjonat fram til 1975, då Førde Samyrkelag reiv bygningen for å byggje varehuset Domus. Domus opna i 1978, og nybygget sperra den gamle Kyrkjevegen frå Langebrua til kyrkja.