SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Førde:

Gjestgiveri og handel på Hafstad

Hafstad Hotell på 1960-talet
Hafstad Hotell på 1960-talet
I tillegg til at Langebrua frå 1836 knytte sør- og nordsida av Førde tettare saman, var det også ei anna viktig hending som gjorde at både handel og ferdsle gradvis flytta seg bort frå Sjøahola og over elva til Hafstad på sørsida: I 1785 kom Den trondhjemske Postvei gjennom Sunnfjord.

Publisert 15.05.2007 11:35. Oppdatert 15.05.2007 12:53.
Denne gjekk på sørsida av Jølstra, og Hafstad-garden vart ein naturleg stad for skyssbyte og overnatting. Nils Helgeson Hafstad vart gjestgjevar, og i 1838 fekk Karl A. Skei løyve til å drive handel på Hafstad. Seinare overtok handelsmannen Christoffer Krohn frå Bergen gjestgjevargarden og handelen på Hafstad. Krohn eigde også gard på Brulandsvellene som han kalla Kronborg. Der starta han herberge og skysskaffarstad i 1848. Men Krohn gjekk konkurs i 1870 og reiste tilbake til Bergen, der han vart bakar. Elles er det omtala at ein Peder Valeur i 1855 dreiv med landhandel både på Hafstad, Halbrend og Skei.

Hotellet på Hafstad

I 1863 fekk Gunnar Helgeson Hafstad (1836-1916) løyve til å drive handel på Hafstad-sida. Truleg hadde Gunnar Hafstad lagt seg opp ein del pengar som féhandlar før han tok til å kjøpe opp og byggje ut på Hafstad. Han kjøpte også den gamle sjøbua som den konkursråka Georg Schultz (sjå Handel og hotell på Skorpa) hadde bygd på Hafstad (Flatenbua).
Gunnar vart også skysskaffar og dreiv gjestgiveri, og grunnla Hafstad Hotell. Men på 1890-talet kom Gunnar Hafstad i økonomiaske vanskar, og i 1892 vart eigedomane hans selde på tvangsauksjon. I 1895 tok sonen Harald Gunnarson Hafstad tilbake eigedomen på odel. Då han gjekk gjennom isen og drukna i 1902, kom systera Anna Hafstad
Anna Hafstad dreiv hotellet i over 40 år
heim frå England og overtok. Anna dreiv Hafstad Hotell i 40 år, dei siste åra saman med systera Mathilde Moran, som kom heim frå Amerika.
Hafstad Hotell var ein populær tilhaldsstad for utanlandske laksefiskarar som fiska i Jølstra. Den gamle trebygningen med tårn frå den første tida står framleis. Men hotellkomplekset er i dag prega av fleire utvidingar – m.a. ein dominerande romfløy på sju etasjar som vart bygd på 1970-talet. Hotellet var ei tid eigd og drive av KFUM og heitte Sunnfjord Ungdomsheim og Hotell, men kom i 1981 på nytt på private hender.
Tidelgare Hafstad Hotell var ei kort tid eigd av høyangermannen Hans Øren, før Martin Johan Ødegaard kjøpte det og moderniserte og utvida det mykje. På slutten av 1990-talet selde Ødegaard hotellet til Sunnfjord Hotell, som eigde det berre ei kort tid før det i 2000 vart selt til ei gruppe Førde-folk med forretningsmannen Roy Solbakken i spissen. Sidan 2004 har Roy Solbakken vore eineeigar. Hotellet heiter i dag Quality Førde Hotell. I 2006 kjøpte Solbakken også Eides Hotell i Høyanger.
Quality Førde Hotell i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no