SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora:

Ulukker i Flora

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne og ulukker under særskilde omstende tekne med. Kjeldematerialet for Flora kommune har vore mangelfullt, og difor er ikkje dette oversynet komplett

Publisert 31.05.2007 08:11. Oppdatert 31.05.2007 08:23.

Likvika ved Rognaldsvåg

Ei segn vil ha det til at ein gong kring 1800 stranda det ei nederlandsk seglskute i Likvika ved Rognaldsvåg.

Mannskap omkom av frost

I 1857 forliste den engelske briggen ”Palermo” utanfor Batalden. Dei fleste av mannskapet hadde truleg omkome av frost, for dei var fastsurra på postane sine ombord på seglskuta. Seks omkomne vart berga i land, og alle vart gravlagde på Kinn.

Drepne av kval

På slutten av 1800-talet vart ein robåt med far og son ombord kvelva av ein kval i Skorpefjorden. Kvalen gjekk i ein sildestim då den rende i båten. Dei to, som var heimehøyrande i Esøysundet, kom seg opp på båtkvelvet og vart berga i land, men faren døydde like etter av strabasane.

1898

I 1898 drukna ein mann frå Norddalsfjorden då ein båt med tre menn om bord gjekk rundt på Fiskevatnet i fjella nord for Norddalen.

1910

I 1910 gjekk hurtigruteskipet ”Astra” frå Det Bergenske Dampskipsselskap på Grasskjeret ved Stabben fyr og sokk. Alle ombord vart berga.

1911

I 1911 drukna to unggutar då dei rende seg på ei flu tett utafor Havreneset.

Ca. 1917

drukna tre fiskarar som var heimehøyrande inne i fjordbygdene, då dei sigla seg opp på Gardbåane like nord for Ytterøyane fyr.

Tidleg på 1920-talet

omkom ein mann frå Askrova då fiskebåten som han var mannskap på, fekk garnet i propellen og dreiv i land ved Ytterøyane fyr.

Ca. 1921

omkom eit ektepar og sonen deira ved Sandøya like ved Nærøya då båten deira kollsigla. Dei dreiv truleg med høyberging då ulukka bar til.

1925

3. juledag 1925 omkom ein av mannskapet då D/S ”Hornelen” frå Fylkesbaatane gjekk på eit skjer ved innseglinga til Svanøybukt. Dei 20 andre av mannskapet og 27 passasjerar berga seg i land.

1937

I 1937 drukna far og son då dei gjekk gjennom isen på Sunndalsvatnet i Norddalen.

Fire drukna ved Svanøy

I 1937 drukna fire menn frå Engebø, Vevring og Kvellestad ved garden Kvalstad på Svanøy. To fiskebåtar var på veg ut Stavfjorden då den eine fekk motorstopp. Båten dreiv inn mot land, og dei fire omkomne ville berge seg i land i ein liten robåt då dei kom bort. Tre brør som nytta ein annan båt, berga seg i land i live.

1945

I januar 1945 omkom 94 menn av mannskapet på malmskipet ”Dora Fritzen” då det vart torpedert av norske MTB-ar like sør for Florø. – Les meir om dette under ”Krigshistorie”- Torpederinga av D/S ”Dora Fritzen”.

1945

Den 1. september 1945 vart alle dei 20 ombord drepne då den hollandske lektaren "Thekla" eksploderte ved Oddane då den var på veg for å dumpe ammunisjon frå dei tyske forta i Florø. – Les meir om hendinga under ”Krighistorie” - Thekla-ulukka.

1949

I 1949 omkom tre menn, to brør og onkelen deira, alle frå Rogndalsvåg, då motorbåten deira gjekk seg på eit skjer ved Nærøya. Leitemannskapa fann korkje folk eller båt att - berre mindre vrakrestar.

20 engelskmenn forliste

I februar 1954 omkom heile mannskapet på 20 menn då den britiske trålaren ”Laforey” forliste ved skjera Sendingane nordvest for Ytterøyane fyr. Ulukka hende om natta, og den første leitinga i grov sjø og snøkave var nyttelaus. Dagen etter vart det skote redningsline om bord i havaristen, men det var ingen teikn til liv. Like etter sokk skipet. Berre to av dei omkomne vart funne att.

1971

I 1971 omkom to born – eit tvillingpar – i ein husbrann i Gaddevågen i Florø.

På slutten av 1970-talet

drukna to unge gutar frå Florø då dei forliste i ein plastbåt på veg til frå Svanøy til Florø.

Om ”Solnes”-forliset på Stavfjorden

i 1980 då fem menn omkom – sjå Ulukker i Solund.

Tidleg på 1980-talet

omkom ein ung mann og fleire ungdommar vart skadde, då dei med ein hurtiggåande båt navigerte feil i Ålvårsundet nord for Stavøya og rende båten på land.

1985

I 1985 miste tre ungdommar frå Svelgen livet i ei trafikkulukke på riksvegen like sør for
Magnhildskartunnelen.

2005

I desember 2005 omkom ei mor og den ni år gamle sonen hennar i ein husbrann i Krokane.

MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no