SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Askvoll:

Helle Fabrikker

Knivproduksjon i Holmedal. (Foto: NRK)
Knivproduksjon i Holmedal. (Foto: NRK)
S & S Helle Knivfabrikk i Holmedal vart starta som ei typisk "kjellarbedrift" i 1932: Dei unge brørne Steinar Helle og Sigmund Helle gjekk arbeidslause. For å livnære seg med noko, starta dei å produsere gardsreiskapar i den gamle smia på farsgarden på Kleppeneset.

Publisert 20.02.2001 21:56. Oppdatert 19.01.2007 09:43.
Helle Fabrikker på 1940-talet.
Faren Berent hadde vore bygdesmed, og det var av han dei lærte kunsten å smi. I 1932 starta dei produksjon av tolleknivar.

Den første salsreisa til Austlandet gjorde Steinar Helle på sykkel. Han hadde med seg eit knippe tolleknivar, som han selde til 40 øre stykke!

(Foto: NRK)

Frå gardssmia til "smørfabrikken"

I 1943 kjøpte brørne Helle dei tidlegare fabrikklokala til smørfabrikken "Flora" ved kaia i Holmedal og flytta produksjonen dit.

Dei første åra hadde verksemda produsert berre tolleknivar, men i 1948 starta den også produksjon av bordknivar, og seinare gaflar og skeier.

Knivfabrikken i Holmedal vart utvida på 1962, og fabrikken fekk stor eksport av knivar til både Europa og USA.

Helle kjøpte i 1943 fabrikklokala til smørfabrikken "Flora" på kaia i Holmedal. Framleis driv dei knivproduksjon der. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Avdeling i Stongfjorden

I 1963 kjøpte brørne Helle lokala til den tidlegare aluminiumsfabrikken i Stongfjorden (sjå British Aluminium Company ). Dotterselskapet der fekk namnet Stangfjord Staal, og fekk 22 tilsette frå starten. Leiar for avdelinga i Stongfjorden var sivilingeniør Odd Gisle Helle, son til Steinar Helle. Med på kjøpet fylgde også kraftstasjon og fallrettar.
Tilsette viser fram produkta i Stongfjorden. Lengst til h. Odd Gisle Helle.

Den første tida vart det også drive bilverkstad i Stongfjorden. Dette vart seinare selt til Einar Yndestad, som bygde verkstad og bensinstasjon under namnet A/S Stongfjord Auto.
Arbeidsstokken ved Helle Fabrikker på 1960-talet. Foto utlånt av Kjell Eikemo

Hjørnesteinsbedrift med 130 tilsette

Med avdelinga i Stongfjorden, kom Helle ei tid på 1960-talet opp i 130 tilsette. I 1968 vart verksemda omskipa til akseselskap under namnet A/S Helle Fabrikker. Fram til 1973 var bordbestikk dei viktigaste produkta frå Helle, men frå midten av 1970-talet vart sportsknivar og smidde knivblad til sølvbestikk dei største produkta.

Vanskar og omlegging

I 1977 kom Helle Knivfabrikk i store økonomiske vanskar då dei mista ein stor kunde på bordbestikk i USA. For å berge seg, selde dei kraftstasjonen i Stongfjorden og fallrettane som fylgde med til Ytre Fjordane Kraftlag. Problema førde også til at Helle no la om produksjonen og satsa sterkt på sportsknivar.

M.a. fekk verksemda stor suksess med den vesle tollekniven "Nying", som sidan har vorte produsert i over 1 million eksemplar, og i 2001 fekk Helle Fabrikker den høgthengande "Klassikarprisen" frå Norsk Design. I 1990 vart Helle også tildelt Profilprisen for Sogn og Fjordane som ei framståande bedrift.

Merdeproduksjon i Stongfjorden

Viking Global i Stongfjorden er ei avdeling under Helle fabrikker, og lagar oppdrettsmerdar. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Avdelinga i Stongfjorden gjekk i 1983 over frå knivproduksjon til produksjon av oppdrettsmerdar. Den fekk namnet Viking Global A/S og hadde i 2002 10 tilsette. Sidan 1997 har Helle Knivfabrikk berre produsert knivar i Holmedal.

Helle selde våren 2003 verksemda i Stongfjorden til Ørsta Stål A/S.

Helle knivfabrikk i Holmedal hadde i 2003 30 tilsette, og ei omsetning på 18 millionar kroner.

MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no